Du er her:
Fredagstreffet opnar fredag 28. August PDF Skriv_ut E-post
Skrive av Jørgen Kopperstad   
lørdag 15. august 2009

Fredag 28. August opnar fredagstreffet

 

28. August ønskjer fredagstreffet alle ungdommar frå 8. klasse og oppover velkomne til lokala våre i kyrkjekjellaren. I år som i fjor, er Birgitta Skorpen og Christian Remøy ungdomsarbeidarane som vil leie klubben

        Det er mange år sidan fredagstreffet opna dørene for første gong, og Herøy kyrkje har etterkvart fått fram eit fint resultat. Mange ungdommar vitjar fredagstreffet kvar helg, noko som fører til god stemning og mykje hugge. Mange seier at allereie frå dei går ut av dørene rundt stengetid fredags kveld, gler dei seg til neste fredag kjem.

Fredagstreffet har store fine lokale, og det kjem stadig nye oppgraderingar. I vår fekk fredagstreffet montert inn nytt stereoannlegg, og i sommar er det blant anna kome inn eit nytt kjøleskap med plass til meir mat. 

        Vi i styret ønksjer alle velkomne, og håper på eit fint år. 

Sist oppdatert ( lørdag 15. august 2009 )