| Julebord |
|
|
|
| Skrive av Jørgen Kopperstad | |
| lørdag 07. november 2009 | |
Styret i fredagstreffet har vedteke at det blir juleburd 11. desember klokka 20.30
I fjor vart det ein del styr knytt til betaling av middagen. Dette tek styret på sine skuldrar, og lovar meir orden i år. Grunna dette vart det på styremøtet 20. oktober vedtatt at ein i år skal betale for maten på førehand. Allereie 13. november kan ein sikre seg ein god middag ved å betale eit beløp på rundt 200 kroner til fredagstreffet. I desse 200 kronene har ein ikkje bere betalt for ein god julemiddag, men òg fått eitt års medlemskap i fredagstreffet. Ein skriv seg ned på ei liste etter at ein har betalt. Det beste er om lista blir full så fort som råd, så ikkje vent med å betale. Siste frist for påmelding er fredag 4. desember.
Meny Fonsavåg vil servere middag i år som i fjor, og juletregang og andre aktivitetar som høyrer jula til står på programmet.
I fjor var det rundt 65 deltakarar på julebordet, og det beste hadde vore om enda fleire vart med i år! |



Då blir stemninga på topp og vi kan skrive STORSLÅTT JULEAVSLUTNING i loggboka. Dette vert bra!!

