Du er her: Forsida arrow Dåp
Dåp PDF Skriv_ut E-post
Artikkeloversikt
Dåp
Velje fadrar
Dåpsgudstenesta
Symboler
Musikalske innslag
Etter dåpen
Spørsmål og svar
Om dåp i Den norske kyrkja
Teksten er hentet fra kirken.no
Det skjer et under i kirken
større enn verden vet.
Barnet får del i Guds rike,
svøpt i hans kjærlighet.


(Frå  ”Det skjer et under i verden”  Gerd Grønvold Saue:  "S97" nr93)

Dette er dåp.

Namnet til barnet i vert nemnt  for fyrste gong i kyrkjerommet. Presten gjer korsteikn og auser vatn over hovudet til den som vert døypt.
I Den norske kyrkja vert dei fleste døypt som spedbarn,  men det er inga aldersgrense for dåp. Konfirmasjonstida fører kvart år til at mange unge ynskjer dåp. Dei døypte vert automatisk medlemmar i det kyrkjesamfunnet der dei blir døypt. Samstundes vert dei del av eit større fellesskap,  med alle døypte – den universelle kyrkja!
Dåpen har tradisjon heilt tilbake til oldkyrkja. I Noreg står tradisjonen framleis sterkt.
I 2004 vart det døypt 44 008 personar. Det gir ein dåpsprosent på 77,3 eller meir enn tre av fire i årskullet.

Huskeliste

Når det er gjort avtale om en aktuell dåpssøndag vil presten eller ein annan tilsett i kyrkja ta kontakt for ein samtale med foreldra. Då planlegg ein  dåpsgudstjenesta.

Før dåpen

Finn tid for å snakke med kvarandre om kvirfor de ønsker kristen dåp for barnet dykkar.

Vurder kva  rammer du/de kan tenke dykk rundt dåpsdagen, kva kyrkje som er ”dykkar”, hva dato som er mest aktuelle m.m.. Snakk samman om kven du/de kan tenkje dykk  å spørje om å vere faddrar, og ta kontakt med dei.

Ring  kyrkjekontoret for å avtale dato. Hugs å få namnet  på den presten, eller annan tilsett , som skal kontakte dykk. Dersom dåpssamtalen ikke vert avtalt når de melder dåp, vil de bli kontakta.
Tenk gjennom kva de treng  å snakke om,  med presten/den som skal døype,  før dåpssamtalen. Kanskje ønskjer de ein spesiell salme?   Eller vil nokon  i familien lese dåpstekstane fra Bibelen?  Kva er ordninga i kyrkja for filming/fotografering?
Dåpen er som oftest ein av dei store dagane i storfamilien. Begynn planlegginga av det praktiske i god tid, slik at alle får like stor glede av den store dagen.  Kanskje skal nokre venner stå for servering og rydding.
Bli enig om val av dåpskjole, kven som skal bere og kven som evt. skal ta av dåpshua.
 
På dåpsdagen
Sørg for å kome til kyrkja i rett tid. Det vil seie så tidlig at de kan bli litt kjent i kyrkjerommet, dersom  de ikkje kjenner dette fra før..Dersom de har bøker eller aktivitetssaker for barn, sørg for å ta slikt med dit de skal sitje.
Dåpsbarnet merker raskt dersom  mor, og andre , er spesielt  stressa ein slik dag. Det kan derfor vere lurt å vere ferdige så tidlig at det blir litt ro heime før ein dreg til kyrkja.  Skal ein ta på dåpskjolen i kyrkja,  kan det vere godt å ha med ein hjelpar.
Barn høyrer naturlig med i gudstenesta  men ikkje alle stadar vert det lagt like godt til rette for deltaking. Det kan vere greit at nokre har spesielt ansvar for eldre sysken  og andre barn som er med,. Ta dei  gjerne med ein liten tur ut om nødvendig og gjer denne dagen til noko spesielt  også for dei.        (I kyrkjene i Herøy er der eigne leikekrokar,  der barn stilt kan aktiviserast, gjerne  med tilsyn frå "sine" vaksne) 
Presten, eller ein annan tilsett, har ansvar for gudstjenesta og dåpshandlinga. Ingen treng å bekymre seg for at ein ikkje gjer alt rett. Dåpsfamilien er ein naturleg del av kyrkjelyden og sit  ikke på ”utstilling”. Det kan vere lurt å avtale med fadrane når lua skal takast av og tenke gjennom kva som skal gjerast  med dåpslyset de mottek  Dersom  det er nattverd ved same gudstenesta, er det fint om det er avklart under dåpssamtalen korleis  barn som er med kan/skal delta ved nattverden.

Fotografering

Ved fotografering etter gudstjenesta bør ein passe på at lysa på alteret og Kristuslyset framleis er tentde slik at dåpsbileta  vert  best råd er.

Sjømannskirken – Norsk kirke i utlandet

har også mange prestar som kan utføre  dåp. I tillegg kan også ambulerande medarbeidarar og studentprester i utlandet utføre dåp. Alle som vert døypt  i utlandet må meldast inn i det sentrale medlemsregisteret til Den norske kyrkja, når de flytter til Noreg.