Du er her: Forsida arrow Dåp
Dåp PDF Skriv_ut E-post
Artikkeloversikt
Dåp
Velje fadrar
Dåpsgudstenesta
Symboler
Musikalske innslag
Etter dåpen
Spørsmål og svar
Om dåp i Den norske kyrkja

Velje fadrar

Når eit barn skal døypast, vel foreldra fadrar. Dei fleste foreldre er nøye med kven dei vel. Dei vil gjerne ha fadrar som kan vere  positivt for barnet, som kan følgje det i oppveksten og vere ein voksenperson som bryr seg om barnet.. Derfor er det ei tillitserklæring å bli spurt om å vere fadder.

Tradisjonen med fadrar går heilt tilbake til det andre århundre, då barn av kristne martyrar fekk nye ”foreldre”. I flere hundre år var det vanleg i vår kyrke at ein av fadrane bar barnet til døypefonten. Nokre stadar vert dette framleis praktisert.  Tilsvarande gjeld tradisjonen med såkaltla ”luefadrar”, ein fadder som tek av dåpslua før dåpen, anten i kyrkebenken eller ved døypefonten.

Det er ei ære å bli spurt om å vere fadder. Mange gongar vil fadrane tilhøyre den nære familie og representere ulike generasjonar. For andre er det naturleg å velje vener av familien. Nedre aldersgrense er 15 år og fadrane må anten vere medlemar av Den norske kyrka eller eit kyrkesamfunn som ikke forkaster barnedåp.

Minst to fadrar

Den døypte skal ha minst to, og høgst seks fadrar. Foreldre kan ikkje vere fadder. Minst to fadrar må vere tilstade ved dåpshandlinga. Det er fint om fadrane kan ha jamleg  kontakt med barnet og  vere ein støtte for både barn og foreldre.

Fadrane er ikkje åleine om oppgava si. Saman med heile kyrkja – spesielt den lokale kyrkjelyden skal dei "be for den døypte, oppmuntre denne til å høyre Guds ord og finne sin plass i kyrkjelyden og ved nattverdbordet”, som det heiter i dåpsliturgien.

Fadder er noko spesielt

Den døypte får ofte eit spesielt forhold til fadrane sine. Fadrane kan bidra til at dåpsdagen blir feira som ein litt annleis fødselsdag der ein snakkar om det som skjedde ved dåpen. For dei døypte er det også trygt å vite at det er nokre som bryr seg spesielt om dei og ber for dei.

Kva ein fadder ikkje er
Å vere fadder fører ikkje til nokon sivilrettsleg plikter, som til dømes å skulle overta omsorgsansvar for barnet dersom foreldra døyr. Dette er ein gammal tankegang som framleis  har fotfeste mange stadar, men den er ikkje rett. Sjølve fadderansvaret gjeld barnet si  trusopplæring, ikkje om andre ting.