|
Skrive av Øystein Nerland
|
|
mandag 30. august 2010 |
Oppstart KRIK
KRIK (Kristen
Idrettskontakt)
Oppstart TYSDAG i hallen frå 19.00-20.30
Gamle og nye medlemmar vel møtt! (frå 8-klasse)
Fotball, volleyball, landhockey, basketball, fjell og
fjøreturar mm, og andakt ”midt i”
PS: Husk påmelding til volleyballturnering i parken
Laurdag 4.sept (innan
fredag)
|
|
|
Skrive av Øystein Nerland
|
|
mandag 30. august 2010 |
Jule konsert Rune Larsen m fleire
Mandag 29.november kan De gle dykk til julekonsert med Rune Larsen med fleire kl 19 på kvelden. Set av datoen allereie no, meir info følger
|
|
|
Skrive av Øystein Nerland
|
|
torsdag 19. august 2010 |
Herøy Kyrkje på tur til Golleneset
På ein dag der utstyrsleverandører av regnkle ville gni seg
hendene, la Herøy kyrkjelyd turen til Golleneset. Veret kunne nok vore betre,
men det såg ikkje ut til å bry over 30 frammøtte. Karoline og Marvin Kopperstad
var kyrkjeverter for dagen og delte ut program ved ankomst. Det vart allsong,
bøn og preike ute i Guds frie natur.
Bjørn Leinebø leda det meste, og noko av det han tok fram i
preika var å vere tydelege og klare som kristne. Ikkje late gjerningane vere i misforhold til
kva vi seier. Eit godt døme var frå Madagaskar der ein muslim sa dette: Eg ser
at denne Jesus betyr mykje for dykk, men eg treng hjelp til å finne han. Dette
burde vere utfordringa for alle kristne, vere klare og tydelege, og villige til
å yte for at fleire skal få kome til tru.
Etter gudstenesta var det tid for kyrkjekaffi.
   
|
|
Sist oppdatert ( søndag 22. august 2010 )
|
|
|
Skrive av Øystein Nerland
|
|
tirsdag 15. juni 2010 |
Ut på tur
Her kjem nokre bilder frå siste tur på vasseidet. Pga noko dårleg oppslutning tek vi pause no, prøver igjen med tur til hausten. God sommar til alle!
 
Ut på tur |
|
Les meir
|
|
|
Skrive av Øystein Nerland
|
|
onsdag 09. juni 2010 |
Konsert Herøy Kyrkje Fredag 18.06 kl 20
Blue Horn Jazz band med Margrethe Velle Ødegård
Då nærmar Maritime dager seg, og Herøy Sokneråd meinte det
var på sin plass med ein konsert i kyrkja også under arrangementet. Vi hadde
aktuelle band utover i fjor, då leverte dei ein glitrande konsert med mykje
godt gospelrepertoar. Den som ikkje var der då, har no anledning til å høyre
desse eminente musikarane og solisten igjen. Dei skal og spele på laurdagen, då
med gratiskonsert på utescena, men med noko kortare og anna repertoar. So
kvifor skal du då betale for å høyre dei i kyrkja tenkjer du? Det voner eg du vil. for du vil
få ein flottare og lengre konsertopplevelse i kyrkja. I tillegg vil overskuddet
av konserten gå til Misjonsprosjektet som Herøy Kyrkje støtter på Madagaskar.
Og som ikkje det var nok, so kan du stoppe igjen på kyrkjetorget etter
konserten til ein kaffikopp, og kanskje ein prat med nokon du ikkje har treft
på lenge.
Vel møtt i Herøy Kyrkje!
Øystein Nerland
Herøy Sokneråd
|
|
|
|
<< Start < Forrige 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 Neste > Siste >>
|
| Resultat 1 - 9 av 98 |