|
Skrive av Jørgen Kopperstad
|
|
søndag 30. august 2009 |
|
Fredag 28. August var det første
kvelden i fredagstreffet etter sommarferien. Talet på besøkjande var tresifra,
og stemninga vart berre betre og betre utover kvelden.
Sommarferie er ein fin ting tykkjer
mange ungdommar. Men det er ikkje til å legge skjul på at når ferien er over,
er det godt å kome i gang igjen. Spesielt kjekt er det når ungdomsklubbane kjem
i gang, og ein får høve til å møte venner og bekjente igjen. Fredags kveld opna
fredagstreffet dørene for første gang etter ferien, og det var det mange som
sette pris på. Kor mange som var innom dørene, veit ein ikkje heilt sikkert,
men på det meste var det rundt 100 stykk inne i lokalet på ein gang. Dette gir
god stemning!
Birgitta Skorpen og Christian Remøy
deler på jobben som ungdomsarbeidarar i kyrkja i år, og Birgitta Skorpen fortel
at ho er godt nøgd med fredags kveld. Med så mange ungdommar, får ein lett
inspirasjon til å vidareutvikle tilbodet. Spesielt flott er det å sjå at så
mange 8. klassingar besøkjer kyrkja. Det betyr at fredagstreffet er noko ein
ser fram til som 7. klassing.
 
|
|
Sist oppdatert ( mandag 31. august 2009 )
|
|
|
Skrive av Beate Nes
|
|
fredag 28. august 2009 |
|
Velkommen til gudsteneste med presentasjon av konfirmantane i Herøy kyrkje søndag kl 11.00 (OBS OBS: ikkje 12.00 som det står i vestlandsnytt) Etter gudstenesta vert det kyrkjekaffi med gode kaker som nokre konfirmantforeldre har bakt.
Vi håper på full kyrkje søndag!
|
|
| |
|
|
Skrive av Jørgen Kopperstad
|
|
søndag 21. juni 2009 |
|
Populer
storfamiliegudsteneste
Mange nytta høvet til å starte dagen
med ei gudsteneste søndag morgon då statskyrkja og frikyrkja saman organiserte
storfamiliegudsteneste på allmenningskaia i Fosnavåg. Saman med jentegruppa
Seven vart det ei gudsteneste litt utanom det vanlege.
Gjennom gudstenesta var det både
allsong og soloinnslag. Litt spesielt vart det når jentegruppa Seven stilte
opp. Jentegruppa Seven er eit gospelkor med 7 jenter som er svært kjende over
heile Noreg. Dei sang om det å vere lykkeleg, og om Jesus.
Svært
mange møtte opp og var med i gudstenesta, noko som gleder arrangørane. Når ein
veit at folk liker det ein lagar til, kan ein lage det til fleire gongar seier
ein representant for frikyrkja.
Etter gudstenesta var det servert kyrkjekaffi i
festivalteltet. Det vart ei fin stund med mykje prat og god mat.
|
|
Sist oppdatert ( mandag 22. juni 2009 )
|
|
|
|
<< Start < Forrige 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 Neste > Siste >>
|
| Resultat 73 - 81 av 148 |