Du er her:
16. MAI PDF Skriv_ut E-post
Skrive av Øystein Nerland   
lørdag 19. mai 2007

Playstation på storskjerm 

Fullt hus i kyrkjekjellaren 16. mai.
Mange fann vegen til arrangementet ”Grønt lys” i Herøy kyrkje onsdag kveld.
For andre år på rad har Herøy Kyrkje, Sion og Frikyrkja gått samen for å lage eit rusfritt tilbod til ungdom natt til 17 mai. I år hadde vi også eit samarbeid med ungdomsteamet som frå 24-01 hadde base i kyrkja der ungdommane fekk vere med på Blåseaksjonen. Dei som bles grønt både natt til 1. mai og 16. mai er med i trekninga av ein scooter.

Heile kvelden blei ei veldig positiv oppleving både for oss vaksne og for ungdommane. Det var verkeleg god stemning heile kvelden, og alle såg ut til å kose seg. Vi talde på det meste 75 ungdommar, men enda fleir var innom i løpet av kvelden. Mange av ungdommane var i kyrkja frå klokka 21 til 01.Det var kjekt å sjå at både dei yngste ungdommane og dei eldste såg ut til å finne sin plass denne kvelden. Det verka nesten som om dei følte seg heime. Engasjementet og humøret var det ingenting å sei på.. På programmet sto ”Buzz” og ”SingStar”, heimelaga pizza og andakt. Både ”Buzz” og ”SingStar” var lagt opp som konkurranse, og Geir hadde fått mange flotte premiar frå forskjellige bedrifter i Herøy. ”SingStar” engasjerte verkeleg. Det er ikkje ofte det blir sunge DDE med slik ein intensitet i kyrkja. Andakta eller short preach som Runar, ungdomspastoren frå Sion kalla det, engasjerte mange. Det gjaldt nemlig å følgje godt med, for innimellom kom det eit quiz spørsmål.

Vi skulle ønske alle de vaksne som les dette kunne oppleve det same som vi gjorde med Herøyungdommane natt til 17 mai. Det var utrolig flotte ungdommar som var samen med oss denne kvelden. Ikkje éin gong denne kvelden var det nokon form for problem. Herøy har god grunn til å vere stolte av ungdommane sine!
Fine premier i konkurransene

Sist oppdatert ( lørdag 19. mai 2007 )