Du er her:
ALKOHOLEN OG LOKALSAMFUNNET VÅRT! PDF Skriv_ut E-post
Skrive av Beate Nes   
tirsdag 14. oktober 2008
Fleire og fleire undrar seg over kva som må til før samfunnet  tek eit oppgjer med den rådande alkoholkulturen. Dei siste åra har dei positive signala vore få og svake, og dei negative resultata alarmerande. Vi som har ungdomar i huset slit og forsøker å skjule kor redde og bekymra vi faktisk er. Det verste er kor ynkeleg handlingslamma vi kjenner oss!

Fleire og fleire undrar seg over kva som må til før samfunnet  tek eit oppgjer med den rådande alkoholkulturen. Dei siste åra har dei positive signala vore få og svake, og dei negative resultata alarmerande. Vi som har ungdomar i huset slit og forsøker å skjule kor redde og bekymra vi faktisk er. Det verste er kor ynkeleg handlingslamma vi kjenner oss!

 

Så har det utrulege skjedd: Blå Kors har fått TV-innsamlinga 2008! For arbeidet sitt mellom born og unge! Altså, fokus på ungdom og alkohol! Fokus på foreldregenerasjonen og alkohol! Fokus på lokalpolitikk og rusførebygging. Tida er inne for handling.

 

To dagar før den store TV-aksjonen inviterer Herøy kyrkje til festsamling om temaet som få synest å ta verkeleg på alvor: Alkoholen og lokalsamfunnet vårt. Kvelden går inn som ein del av konfirmantopplegget i Herøy kyrkje. Alle konfirmantane i kommunen er inviterte, ilag med foreldra. Masse positive krefter støttar opp. Truleg vil også dei fleste få meirsmak nok på temaet til å skru på TV når søndagen kjem og det flotte reportasjematerialet frå Blå Kors sitt arbeid nasjonalt og internasjonalt fyller skjermane!

 

KVA SKJER ALTSÅ FREDAG KVELD?

  • Vi lyttar til ordførar Arnulf Goksøyrs svar på spørsmålet om kva politikarane i Herøy gjer for å førebyggja alkoholen sine skadeverknader?
  • Vi fylgjer spent med på dei påfylgjande - truleg kjenslesterke - spørsmåla til kommunestyrerepresentant Linn Therese Sævik.
  • Vi kikkar med undring inn i alkoholkvardagen slik Arne Vinnes og Tore Hareide fortel frå arbeidet i Ålesund.
  • Vi høyrer om Blå Kors sitt arbeid for å engasjere unge sidan vår eigen Dagfinn Kvalsund sit i landsstyret for tida.
  • Vi kosar oss med songen og musikken til ”Marthe, Mattea og Karina”.
  • Vi ser i lag filmen ”Festen”.
  • Vi et kaker frå konfirmantheimar og smørbrød frå røynde brødsmørarar i Herøy Frikyrkje og Herøy kyrkje.
 

Vel møtt til spennande kveld!

Sist oppdatert ( tirsdag 14. oktober 2008 )