|
Skrive av Jørgen Kopperstad
|
|
lørdag 16. januar 2010 |
Komande veke kjem Møre-biskop Ingeborg Midtømme til Herøy kyrkje. Frå ho kjem onsdag, til avreise søndag, skal Midttømme besøkje fleire postar. Ho skal mellom anna møte det lokale næringslivet.
Det er 10 år sidan sist møre-biskoppen besøkte Herøy. I 2000 var gudstenestene på kulturhuset, medan bygginga av nye Herøy Kyrkje føregjekk. Dermed er det første gong nye Herøy Kyrkje får bispevisitas.
Ingeborg Midttømme skal i følgje programmet delta på tre skulegudstenester i løpet av veka. Ei gudsteneste på Einedalen skule, ei for Nerlandsøy og Bergsøy i Herøy Kyrkje og ei for Stokksund, Leikong og Moltu i Indre Herøy kyrkje. Ho vil òg besøkje Myrvåg omsorgssenter og konfirmantdagen i Indre Herøy kyrkje laurdag.
Det er ikkje tvil om kva som vert det store høgdepunktet i løpet av desse fem dagane. Visitasgudstenesta på søndag startar klokka 11.00, og Herøy Kyrkje ønskjer alle velkommen til både gudsteneste og etterfølgjande kyrkjekaffi.
|
|
Sist oppdatert ( lørdag 16. januar 2010 )
|