| Blue horn Jazz Band |
|
|
|
| Skrive av Øystein Nerland | |
| tirsdag 21. april 2009 | |
Blue Horn Jazz Band og Margrethe Velle ØdegårdTekst og bilde: Jørgen Kopperstad
Skrive Av Jørgen Kopperstad
Gospelkonsert med Blue Horn JazzBand i Herøy Kyrkje
Søndag var det duka for konsert med ”Blue Horn Jazzband” i Herøy kyrkje. Med seg hadde dei òg vokalist Margrethe Velle Ødegård. Det vart ein konsert fylt med amerikansk gospel og jazz frå New Orleans. Sist bandet spelte i Herøy, var under opninga av Herøybrua. Då hadde gruppa eit anna namn, og litt anna besetning. Blue Horn Jazzband har vore i gang i 12-13 år, og med omlag 50 konsertar i året, var det erfarne musikarar som entra kyrkja denne ettermiddagen. Dei har gitt ut to plater; ”Heart full og rythm” i 2002 og ”Trad and sweet” i november i fjor. Heime i Sykkylven har dei øvingar kvar andre veke. I det siste har dei samarbeidd med Margrethe Velle Ødegård, som syng på mange av songane deira. Terje Frøystad, som stammar frå Herøy, seier at gleda ved musikken er å få til noko saman. Det å spele i ei gruppe er nesten det same som å spele på eit fotballag seier han, fungerar ikkje gruppa saman blir ikkje resultatet like bra. Det var ”Blue Horn Jazzband” som kontakta kyrkja sjølv, og lurte på om dei kunne få halde konsert her ute. Dette var Herøy kyrkje glade for, og Fredagstreffet og Soknerådet tok utfordringa og arrangerte konserten. Dei spela folkemusikk gjort om til jazzimprovisasjon, tradisjonsmusikk. Vi ønskjer dei velkomne attende, og at det ikkje går like mange år til neste gong dei kjem til Herøy. |
|
| Sist oppdatert ( tirsdag 21. april 2009 ) |




