Du er her:
Bourbon Dolphin-forliset PDF Skriv_ut E-post
torsdag 03. mai 2007

Torsdag 12. april forliste ”Bourbon Dolphin” og åtte personar omkom. Reiarlaget har administrasjonen sin i Herøy, og fleire av dei som var ombord i båten var frå Herøy eller hadde nær tilknytning til Herøy. Difor sette denne hendinga sitt preg på Herøy kyrkje dei neste par vekene.

 

 

Dagen etter forliset var det ei samling i kyrkja for familie, vener og reiarlagstilsette. Det var orientering og høve til samtale, og det var folk frå hjelpeapparatet til stades.

Seinare på ettermiddagen var kyrkja open for alle som ville kome inn og tenne eit lys og ha ei stille stund. Mange var innom kyrkja denne ettermiddagen og kvelden, og særleg var det mange ungdommar som tende lys.

Mange var også med på lystenninga på Vågsplassen om kvelden, og ein del ungdommar var innom kyrkja etter denne tilskipinga óg.

 

Søndag kveld 15. april var det ei minnestund i kyrkja. Det var truleg rundt 1000 menneske til stade denne kvelden. Det var helsingar frå fylkesmann Ottar Befring og ordførar Arnulf Goksøyr, som óg bar fram helsingar frå statsminister Jens Stoltenberg og den britiske statsministeren Tony Blair. President i Bourbon-konsernet, Jacques de Chateauvieux helsa frå dei franske eigarane av selskapet. Dei omkomne vart minna ved lystenning.

 

Søndag 22. april var det samtalegudsteneste for konfirmantane. Ein av konfirmantane, David Higraff Remøy, var mellom dei omkomne i Bourbon Dolphin-ulukka. Samtalegudstenesta vart difor prega av dette. Konfirmantane framførde dikt og songar, og det vart synt ein bildeserie til minne om David.

 

Sist oppdatert ( søndag 03. juni 2007 )