Du er her:
Ensemble Dalí i Herøy kyrkje. PDF Skriv_ut E-post
Skrive av Terje Tjervåg   
torsdag 29. mars 2007

Det nystarta kammerkoret Ensemble Dalí hadde dei fyrste konsertane sine 24. og 25. mars, og den eine av konsertane var i Herøy kyrkje.

ensemble_dali_140307.jpgInitiativtakar og dirigent Eirik Sørborg har samla utvalde korsongarar hovudsakeleg frå Møre og Romsdal, men også frå Trøndelag og Sogn og Fjordane. Koret er prosjektbasert og har sju-åtte samlingar i året med Kristiansund som base. Ensemble Dalí seier at dei vil vere eit kor som framfører vokalmusikk frå mellomalderen og fram til i dag på eit nivå som dei meiner at både musikken og publikum fortener. Dette er eit ambisiøst program, men starten tyder på at dette vil lukkast. Både repertoaret, korklangen og den musikalske utforminga var av ein slik karakter at vi sjeldan høyrer liknande på våre kantar. Klangen var homogen og bar godt heilt frå det minste pianissimo til det største fortissimo. Publikum fekk ei oppleving så intens og medrivande at det mange stader var for gale å øydelegge stemninga med applaus. På konserten utnytta dei mange ulike oppstillingar som kyrkjeromet gjev høve til. Vi fekk høyre dei frå galleriet, frå kortrappa, i grupper og med heile koret vend mot altaret. Midt i programmet framførde ein av korsongarane, Tor Øyvind Hummelsund, ”Jesusbarnet sitt kyss” av Olivier Messiaen på piano. Eit meditativt og vakkert stykke som fall godt inn i stilen til resten av konserten. Hummelsund synte seg fram som ein framifrå pianist.

Programmet på konserten:

Josef G. Rheinberger

Abendlied

Ola Gjeilo

Unicornis captivatur

Knut Nystedt

O crux

Antonio Lotti

Crucifixus

Henryk Gorecki

Totus Tuus

Olivier Messiaen

Le baiser de l’Enfant-Jésus (piano)

Knut Nystedt

Immortal Bach

Anton Bruckner

Ave Maria

Arvo Pärt

Bogoroditse devo

Sergej Rachmaninov

Bogoroditse devo

Sverre Bergh

And death shall have no Dominion

Koret var svært begeistra for å synge i Herøy kyrkje. Dei vil gjerne kome att ein annan gong, og då må mange fleire nytte høvet til å kome og høyre dei. Det er eit privilegium å stå på turnelista til eit så utsøkt kor.

 

Sist oppdatert ( fredag 11. mai 2007 )