|
Exeter-katedralen sitt kor i Herøy kyrkje. |
|
|
|
|
Skrive av Terje Tjervåg
|
|
torsdag 21. januar 2010 |
|
Måndag 15. februar vert det ei storhending i Herøy kyrkje. Då får vi besøk av koret frå Exeter-katedralen i England. Dei er på ein turne i Noreg og Herøy er første stopp. Koret syng nesten dagleg i mellomalder-katedralen i Exeter, som ligg heilt sør-vest i England. Koret har både gutar og jenter som syng sopran, medan vaksne menn syng alt-, tenor- og bass-stemmene. Koret som kjem hit har 20 barn frå 11 til 13 år og 12 vaksne songarar. Barna går på ein eigen katedralskule og får vanleg undervisning i tillegg til korøving og synging i kyrkja. Koret syng i kyrkja åtte gonger i veka, tre av dei på søndag. I Herøy vil dei framføre eit tradisjonelt program med kyrkjemusikk frå ulike tidsaldrar med den karakteristiske engelske barnekorklangen.
|
|
Sist oppdatert ( torsdag 21. januar 2010 )
|