Du er her:
Eyvind Skeie med salmar i Herøy kyrkje PDF Skriv_ut E-post
fredag 21. september 2007

Folk frå heile Ytre Søre hadde teke turen til Herøy kyrkje torsdag kveld for å få synge salmar saman med Eyvind Skeie og Herøy kyrkjekor. Han presenterte den nye salmeboka si ”316 salmer og sanger”. Her har han samla om lag halvparten av sin eigen salmeproduksjon. Mange av salmane har dei tradisjonelle salmemotiva, men ein del av salmane prøver å setje ord på tema som høyrer livet til, men som ikkje har vore tema for salmar tidlegare, som t.d. miljø, forfølgjingar og sjølvmord. Spennet var frå det stillferdige til det storslegne. Dei om lag 150 frammøtte fekk ei stor og rik oppleving, og mange kjøpte salmeboka for å kunne få med seg meir av rikdomane som fins i denne fine boka.

Skeie 1Skeie 1Skeie 1

 

Sist oppdatert ( torsdag 27. september 2007 )