Du er her:
Førjulskonsert i Herøy kyrkje PDF Skriv_ut E-post
Skrive av Terje Tjervåg   
onsdag 01. desember 2010

Søndag 12. desember vert det Førjulskonsert i Herøy kyrkje kl. 17.

Deltakarar vert Kvalsvik/Nerlandsøy skulekorps, Spelemannslaget Havella, Herøy og Ulstein Mannskor, Tolvtetten, Cervix Vocales, Runde blandakor og Herøy kyrkjekor. Desse gruppene vil framføre eit flott og rikhaldig program både kvar for seg og i samarbeid med andre. Tilhøyrarane skal få vere med og synge kjende og kjære julesongar. Det vert andakt ved Ole Brubakk.

Ekstra spanande vert det at Herøy kommune sin Kulturpris skal delast ut på denne konserten.Vi gleder oss til ein fin konsert.

Sist oppdatert ( onsdag 01. desember 2010 )