| Friluftgudsteneste i Golleneset |
|
|
|
| Skrive av Øystein Nerland | |
| torsdag 19. august 2010 | |
Herøy Kyrkje på tur til GollenesetPå ein dag der utstyrsleverandører av regnkle ville gni seg hendene, la Herøy kyrkjelyd turen til Golleneset. Veret kunne nok vore betre, men det såg ikkje ut til å bry over 30 frammøtte. Karoline og Marvin Kopperstad var kyrkjeverter for dagen og delte ut program ved ankomst. Det vart allsong, bøn og preike ute i Guds frie natur. Bjørn Leinebø leda det meste, og noko av det han tok fram i preika var å vere tydelege og klare som kristne. Ikkje late gjerningane vere i misforhold til kva vi seier. Eit godt døme var frå Madagaskar der ein muslim sa dette: Eg ser at denne Jesus betyr mykje for dykk, men eg treng hjelp til å finne han. Dette burde vere utfordringa for alle kristne, vere klare og tydelege, og villige til å yte for at fleire skal få kome til tru. Etter gudstenesta var det tid for kyrkjekaffi. |
|
| Sist oppdatert ( søndag 22. august 2010 ) |




