Du er her: Forsida
Heimane våre 23.03 PDF Skriv_ut E-post
Skrive av Øystein Nerland   
onsdag 21. mars 2007

Heimane våre-kveld:
Korsong og Rune Larsen
PeMo, 18.03.07

Komande fredag er det duka for ei ny utgåve av "Heimane våre" i Herøy kyrkje. Arrangørane av kvelden har her gjort eit varp. Song-sjarmøren Rune Larsen er nemleg blant heidersgjestane denne fredagen.

Årets utgåve av ”Heimane våre” går av stabelen fredag 23. mars. Som i fjor vert arrangementet lagt til Herøy kyrkje. Då stod eit rikhaldig program på menyen. Fullt hus, og rundt 600 personar fekk vere med på ein flott kulturkveld der alvor og humor gjekk hand i hand. Leiaren i Politiets Fellesforbund, Arne Johannesen, heldt ein gnistrande tale om rusproblematikken i heim og samfunn.

Populær festtalar med markert fråhaldsstandpunkt

Denne gongen er det den kjende TV­artisten og multitalentet Rune Larsen som er kveldens hovudtalar. Han vil også underhalde med song. Etter samlinga vil det verte høve til å kjøpe den siste CD­en i samlinga hans ­ og boka som nyleg er utgjeven i nytt opplag.

Her har arrangøren av Heimane våre-kvelden i Herøy kyrkje gjort eit varp. Song-sjarmøren Rune Larsen har i snart 40 år sjarmert norske TV-sjårarar med sin glade og friske song, som solist og i ulike songgrupper. Han har vore ein dyktig programleiar for fleire TV-suksessar, mellom anna ”Lollipop” og ”Absolutt norsk.” Eit par gonger har han vore med i Melodi Grand Prix, og han var mannen som oppdaga Sissel Kyrkjebø; i dag verdsstjerne. Rune Larsen har tidlegare sunge i Herøy kyrkje saman med gruppa ”Frisk luft.”

Songaren Rune Larsen kjenner dei fleste til, men talaren Larsen er mindre kjend for folk flest. Det er temmeleg sikkert at Rune Larsen vil trekkje fullt hus. Gitaren er med i bagasjen, så tilhøyrarane i salen vil også få høyre songaren Larsen frå Bergen. Ein folkeleg songartist med stort publikumstekke. Han har over 30 plateutgjevingar, og har selt over 650 000 plater. Etter tilskipinga i kyrkja vert det høve til å få kjøpe Larsen sin siste CD og boka ”Troende til alt”, som nyleg er koma i nytt opplag.

Rune Larsen har klart markert fråhaldsstandpunktet sitt. Det har irritert han at det i mange samanhengar vert sett på som ”unormalt” å takke nei til rusdrikk, anten det er øl, vin eller brennevin.

At ein faktisk vert avkrevd ei forklaring på denne ”unormale” åtferda, synest Larsen er merkeleg. Han slår fast at det er er dette som gjer behovet for synlege fråhaldsfolk så viktig, og han poengterer.

- Vår oppgåve er å tydeleggjere ein annan drikkekultur. Dess fleire som ber om mineralvatn eller alkoholfrie drinkar når dei er på restaurant, dess fleire vil få ei forståing for at det ikkje er unormalt å ha ein rusfri livsstil.

Rune Larsen har i mange år forsøkt å oppfordre kristne miljø til fungere som ein motkultur, ved å ta fråhaldsstandpunkt og på den måten gjere det mindre normalt å nyte alkohol.

I 2001 drakk ungdom mellom 15 og 20 år i gjennomsnitt 5,2 liter alkohol, og talet har auka frå år til år.

I denne verkelegheita må dei vaksne vere rollemodellar. Det har lenge vore snakk om haldningar, no er det tid for handlingar.

Per-Arne Lillebø, festleiar og primusmotor.

Primus motor for desse IOGT-arrangementa gjennom 40 år, Per-Arne Lillebø. Har mange gode krefter å trekkje opp av ermet. Arne Grimstad vil som vanleg stå for den humoristiske delen. Kveldstankane syter songevangelsiten Irene Krokeide Alnes for. Songen vil så absolutt stå i fokus denne fredagskvelden i mars. To solide kor vert med. Herøy mannskor, under dirigenten sin Jostein Storøy si dyktige leiing, har på få år utvikla seg til å verte eit solid kor med ein variert meny på repertoaret.

LYST er eit damekor med 21 songglade damer i alder frå 20 til 50 år frå Ørsta og Volda. Koret vart etablert i januar 2002. Våren 2003 opna koret dei nynorske festspela i Ivar Åsen-tunet. Koret har også halde konsert på Selje Kloseter, of har hatt fleire konsertar kringom i nabokommunane. Under landsongarstemnet i Trondheim i fjor vann koret midtnorsk korkonkurranse i si klasse. For tida held koret på med å spele inn ein jule-CD. Koret har ein dyktig dirigent i Nina Vedel Telseth.

Koret jobbar opp mot ideal som rein og klar klang, presisjon og musikalsk formidling. Namnet LYST beskriv også koret sine mål; det skal vere lystbetont å synge. Damestemmene er lyse/syng lyst, og koristane har eit lyst humør. Koret har sitt opphav på Lystad i Ørsta, og øver kvar onsdag på Lystad bedehus. Med den vidgjetne akustikken sin, kan det verte ei fin songoppleving å høyre dei to kora i det mektige kyrkjelokalet.

Heim, familie og rusfri livsstil
Den kjende songevangelisten Irene Krokeide Alnes frå Godøya deler sine kveldstankar med oss.

Heimane våre-opplegget set fokus på heim, familie og ein rusfri livsstil. Familien er den grunnleggande sosiale eininga. Her vert grunnlaget for den einskilde sin tryggleik og utvikling av personlegdomen lagt. Ein føresetnad er ein rusfri livsstil. Dei unge i dag treng å sjå vaksne personar som står imot drikkepresset. Den oppveksane slekt treng eit trygt oppvekstmiljø og ei trygg forankring i heimen.

Heimane våre-arrangementa har gått i over 40 år, men er langt frå gått ut på dato. Det syner den store interessa for desse populære festkveldane.

Tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik har fleire gonger vore med på desse spesielle festkveldane. I biografien hans, som kom ut før jul, nemner Bondevik desse særeigne kulturkveldane kringom på bygdene på Sunnmøre. Han har også nemnt det frå talarstolen i Stortinget. - Det er dette som er den verkelege kulturen, har han sagt.

Henta frå: Herøynytt

Sist oppdatert ( mandag 16. april 2007 )
 
Uteområdet ved Herøy kyrkje
onsdag 16. mai 2012
Dugnad rundt Herøy kyrkje 12. mai var det kalla inn til  rydding og luking i planteområda. ...
1000 TAKK
tirsdag 15. mai 2012
1000 takk J Denne strålande gjengen – og nokre til – var med å gjorde dugnad i og ved kyrkja sist...
Rusfri 16. mai feiring i kyrkja
søndag 13. mai 2012
Rusfri 16. mai feiring i kyrkja Tacofest
Premierte konkurranser
Andak...
KRIK Villmark, Heida
mandag 07. mai 2012
Krik Villmark, Tur til Heida  
Forige tur var vi på Muletua i...