|
Helgetorsdag, konfirmantar og dåp. |
|
|
|
|
Skrive av Beate Nes
|
|
onsdag 30. april 2008 |
|
Torsdag 1. mai er alle velkomne til kyrkje. Konfirmantane tek del med forskjellige oppgåver og det vert dåp av 3 små born.
Konfirmantane skal i løpet av denne gudstenesta vise kyrkjelyden litt av kva dei har lært dette året. Konfirmantane tek del på forskjellig vis, nokre med oppgover i gudstenesta, andre har vært med i førebuingane. Tidlig i haust laga konfirmantane kvar sin Kristuskrans. Ein bønekrans der kvar enkelt kule har ei betyding. Denne kransen og spesielt nokre av kulene vil vere sentrale element i gudstenesta. Vi kan nemne Gudsperla, gledesperla, nattperla og kjærleiksperlene. Vi håper på full kyrkje denne dagen, konfirmantfamiliane er ekstra velkomne, men vi håpar du kjem ein tur, sjølv om du ikkje har konfirmant i år. Vi lovar ei flott gudsteneste for alle! Etter gudstenesta er det kyrkjekaffi. Vi gler oss!
|