| Herøy Kyrkje har fått kapell |
|
|
|
| Skrive av Jens Terje Johnsen | |
| søndag 20. september 2009 | |
|
Torsdag kveld fekk ei interessert og andektig forsamling vere med på opninga av det nye kapellet i Herøy kyrkje. Kommunen var representert ved rådmann Rune Sjurgard og varaordførar Paul Harald Leinebø og kom med lovord og gode blomstrar som kyrkjeverje Marit Sævik Leinebø tok imot på vegner av kyrkja. Spesielt ved denne opninga var og at ein tok i bruk det orgelet som skal høyre rommet til. Orgelet har fire stemmer, er vakkert å sjå til og er ei gåve frå sønene til Gudbjørg og Sverre Runde. Familien kjøpte orgelet til privat bruk i 1970 og hadde det sidan som eit markant og ruvande møbel midt i bestestova. Gåva er kjærkomen fordi ho gjer mykje med rommet, men og fordi det framleis knyter seg mange og gode minne frå Gudbjørg og Sverre sine liv for så mange av oss! Kantor Terje Tjervåg hadde funne velegna musikk som viste noko av breidda instrumentet står for. Også til salmesongen fungerte orgelet svært godt. Varaordføraren med blomster og gode ord
Oline Frantsen, Arvid Sævik og Jørgen Kopperstad las kvar sitt Bibelord. Her var tekstmeditasjon med sideblikk til den særeigne utsmykkinga og bøn. Og så samla forsamlinga seg rundt kaffikoppane ute på torget og delte inntrykka frå høgtida inne i kapellet.
Så får vi sjå korleis rommet vil fungere, kanskje mest i sorg, i tider som kjem. At målarstykket til Ørnulf Oppdahl betyr mykje for rommet, syntest alle å vere samde om. Utsmykkningsnemnda: f.v. Alette Teige, Marit Sævik Leinebø (sekretær), Ivar Sulebakk, Jorunn Gunvordal Johnsen, Arbjørg Håberg, Arvid Sævik (leiar). Ragnhild Hvelsvik Berge var ikkje til stades då biletet vart teke. Litt meir av rommet og forsamlinga
|
|
| Sist oppdatert ( søndag 20. september 2009 ) |




