Du er her:
Herøy kyrkjekor startar oppatt PDF Skriv_ut E-post
Herøy kyrkjekor startar oppatt med øvingar onsdag 22. august i Herøy kyrkje.

 hkyrkjekor.jpg

 

Øvingane startar kl. 19.30 og varer til 21.30. Det står mange oppgåver og ventar på oss. Vi skal vere med i september når salmediktaren Eyvind Skeie presenterer salmeboka si der han har plukka ut 316 salmar som han har skrive. I oktober skal vi vere med på kyrkjesongfest i Spjelkavik kyrkje, og over jul skal vi framføre musikalen ”Visst skal våren komme”. Innimellom alt dette skal vi vere med på gudstenester. Det er mange entusiastiske songarar i koret, men vi har plass til fleire i alle stemmegruppene.