|
Kanonstart i Fredagstreffet |
|
|
|
|
Skrive av Jørgen Kopperstad
|
|
søndag 30. august 2009 |
|
Fredag 28. August var det første
kvelden i fredagstreffet etter sommarferien. Talet på besøkjande var tresifra,
og stemninga vart berre betre og betre utover kvelden.
Sommarferie er ein fin ting tykkjer
mange ungdommar. Men det er ikkje til å legge skjul på at når ferien er over,
er det godt å kome i gang igjen. Spesielt kjekt er det når ungdomsklubbane kjem
i gang, og ein får høve til å møte venner og bekjente igjen. Fredags kveld opna
fredagstreffet dørene for første gang etter ferien, og det var det mange som
sette pris på. Kor mange som var innom dørene, veit ein ikkje heilt sikkert,
men på det meste var det rundt 100 stykk inne i lokalet på ein gang. Dette gir
god stemning!
Birgitta Skorpen og Christian Remøy
deler på jobben som ungdomsarbeidarar i kyrkja i år, og Birgitta Skorpen fortel
at ho er godt nøgd med fredags kveld. Med så mange ungdommar, får ein lett
inspirasjon til å vidareutvikle tilbodet. Spesielt flott er det å sjå at så
mange 8. klassingar besøkjer kyrkja. Det betyr at fredagstreffet er noko ein
ser fram til som 7. klassing.
 
|
|
Sist oppdatert ( mandag 31. august 2009 )
|