| KIRKENS NØDHJELPS FASTEAKSJON 2008: |
|
|
|
| Skrive av Beate Nes | |
| mandag 10. mars 2008 | |
|
Tysdag 11. mars kjem konfirmantane til å vitje alle husstandane i Herøy for å samle inn pengar til menneske som lever i skuggen av krig og terror. I område som er ramma av konflikt blir det lagt store avgrensingar på utvikling og høvet til å forme si eiga framtid.
I Somalia lever befolkninga med utryggleik som kjem frå fleire tiår med krig og lovløyse, i eit land som har vore utan styre sidan 1970-talet. Den uregulerte straumen av våpen i regionen gjer det lettvint for ekstremistiske grupperingar å få tak i kuler og krut. Som alltid er det den fattige delen av befolkninga som lir mest. I fastetida i år rettar Kirkens Nødhjelp søkjelyset mot våpenhandel, og spør: Kva kan vi gjere for å hindre at norske kuler og krut hamnar på avvegar og lemlestar menneske i sør?
Irakiske ungdommar drøymer om å kunne gå uhindra på skulen og vere samen med vennene sine. Men tryggleikssituasjonen er spent. Skular blir stengde og ein enkel tur til marknaden kan utgjere skilnaden mellom liv og død. Kirkens Nødhjelp støttar senter i Bagdad der ungdom med ulik religiøs bakgrunn kan slappe av i trygge omgjevnader, gjere leksene sine og ta kurs. For mange er dette den einaste tilhaldsstaden der dei ikkje er redde.
I Etiopia lever lokalbefolkninga heile tida i frykt for ein ny krig med nabolandet Eritrea. Fleire tiår med konflikt har lagt landsbyane langs den nordlege grensa i landet i ruinar. Faren for at konflikten skal blusse opp atter ein gong gjer investeringar i slike område risikable; resultatet er ei lokalbefolkning som lever på naudhjelp og bur i ruinar. Men også her har menneske rett til å sjå framover. Kirkens Nødhjelp har gjenoppbygd skulen i landsbyen Zalanbessa, og ungdom i byen tør no å drøyme om framtida.
Som engasjerte enkeltmenneske og kyrkjelydar i Noreg kan vi vere med på å ta draumane tilbake – anten det er draumen om skulegang, draumen om ikkje å vere redd, eller draumen om å kunne leve i trygge omgjevnader. Pengane som blir samla inn i år, vil gå til Kirkens Nødhjelps arbeid med å hjelpe menneske som lever i skuggen av krig og terror, slik at også dei skal kunne sjå framover mot ei lysare framtid. |
|
| Sist oppdatert ( mandag 10. mars 2008 ) |




