| Konfirmantpåmelding!! |
|
|
|
| Skrive av Beate Nes | |
| tirsdag 26. august 2008 | |
|
KVA VIL DET EIGENTLEG SEIE Å VERE KONFIRMANT?
Det vil sei at: · Du er ein del av ei konfirmantgruppe som er ein viktig del av kyrkjelyden. · Du møter menneske som verkeleg trur at Jesus lever i dag. · Du skal lytte, lære, gjere og oppleve. · Du går på gudstenester og kanskje får du også oppgåver i ein eller fleire av dei. · Du gir trua ein sjanse til å spire og gro. Her er det plass for tru og tvil, og saman kjem vi kanskje eit stykke vidare. · Å la nokon be for deg på konfirmasjonssøndagen · Å vere positiv og engasjert i konfirmasjonstida.
Ynskjer du dette, trur eg du vil få ei spennande konfirmasjonstid. Fyll ut slippen og send den til kyrkjekontoret så snart du kan! Informasjon om det å vere konfirmant!Tid og stad· Tysdag eller onsdag 1-2 gonger i månaden. · Rett etter skulen til 15.45 · I kyrkja · Det går bus heim etter timen, sjølv om nokon kanskje må vente litt. · Det blir 3 konfirmantdagar (laurdag?) med forskjellige aktivitetar i løpet av året. Undervisning· Ta med bibelen du fekk i 5 klasse · Konfirmantbok får du når vi startar. · Du vil stort sett møte kateketen i timane, men du skal også få møte dei andre som jobbar i kyrkja, menneske som går der, og andre ungdommar som går i kyrkja. · Vi skal snakke om kva vi kristne eigentleg trur på. · Vi skal oppleve og gjere ting saman · Vi skal ete litt mat i løpet av timen · Vi skal leike · Vi skal på tur · Vi skal gå på gudsteneste · Vi skal høyre på musikk og kanskje synge litt · Vi skal få det veldig kjekt ilag.
Kyrkjelydsarbeid· I løpet av året ynskjer vi at du skal bli litt kjent med det arbeidet som er i kyrkja, difor ynskjer vi at du skal vere med i noko av ungdomsarbeidet, vere med som leiar i eit barnearbeid eller hjelpe til i kyrkja. Kanskje søndagskulen? Gudsteneste. · I løpet av året skal du ha vore på minst 8 gudstenester. · Nokre av dei er spesielle gudstenester som vi er aktivt med i, f.eks presentasjonsgudsteneste, lysmesse, samtalegudsteneste osb. Turer/ sosiale samlingar. · Stiller foreldra opp som nattevakter og ledere, blir det konfirmantleir · Vi skal ha nokre samlingar på kveldstid og helger.
TenesteoppgåverVi skal gjere noe som er til glede og nytte for andre· Fasteaksjonen til "kirkens nødhjelp" · Hjelpe til i kyrkja på gudsteneste.
Pris· Det vil koste 500 kr,- for undervisningsbok, mat, leie av konfirmantkappe, og anna materiell. (Om nokon skulle ha problem med å betale ber eg om at de seier i frå, så vil vi ordne det. (sjølvsagt utan at andre får vite det). Prisen skal ikkje hindre nokon i å vere med!) · I tillegg kjem kostnadene for evt tur. Vi satse på ein billig tur. FrammøteSom konfirmant må du være med på det som skjer.· konfirmantundervisninga · minst 8 gudstenester · tur og andre ting i regi av konfirmantarbeidet. · delta i kyrkjelydsarbeid
Dåpsattest. Vi må vite om du er døypt. Dersom du er døypt ein annan stad enn i Herøy, treng vi dåpsattesten din. Legg den ved når du sender inn påmeldinga.Ikkje døypt?Konfirmasjonstida er ein del av dåpsopplæringa. Dei fleste i klassa di er døypt som born. Om du ikkje er døypt, men likevel ynskjer å være konfirmant er du sjølvsagt velkommen til det, så kan vi snakke om dåp etterkvart. Offentleggjering av namn og bilde.For å få sette inn oversikt over konfirmantane i avisa før konfirmasjonen, og for å kunne bruke bilde som vert tatt, treng vi godkjenning frå heimen om at det er ok. Kryss av for ja eller nei på innmeldingsskjemaet.
Kva gjer du no?· Avgjer om du ynskjer å være konfirmant i kyrkja. · Send inn innmeldinga dersom du ynskjer å vere med · Send med eit bilete av deg sjølv, så kan eg prøve å lære nokre namn…. · Søndag 14.09.08 kl 11.00 er det presentasjonsgudsteneste i Herøy kyrkje, 21.09.08 i Indre Herøy kyrkje og 28.09.08 i Leikanger kyrkje Konfirmantane skal presenterast for kyrkjelyden der dei høyrer til. Etter gudstenesta blir det eit foreldremøte. · Konfirmasjon 03.05.09 Utøyane og Indre · Konfirmasjon 10.05.09 Bergsøy og Leikanger · Det blir konfirmasjonsgudsteneste kl. 10 og 12. Meir info på fyrste foreldremøte!
Kateketen har ordet. Hei alle sammen. Eg gler meg til å bli kjent med dykk, eg trur vi skal få eit fint år saman. Meld deg på, så snakkast vi snart J Beate- KateketJa eg vil konfirmere meg i kyrkja! Fullt namn:
Personnummer (11siffer)
Fødestad:
Dåpsdato:
Dåpsstad:
Postadresse (om ynskjeleg kan vi sende informasjon til begge foreldra) :
Bustad (så lokalt som råd)
Kva kyrkje høyrer du til? (Leikong, Indre Herøy, eller Ytre (Bergsøy/ utøyane))
Telefon heim
Telefon arbeid
Mob. nr konfirmant
Namn på foreldre/ føresette:
Kva dag passar? (tysdag eller onsdag)
Skule:
E- post adresse *konfirmant:
E-post adresse *Heimen
Vil de ha informasjon til heimen på mail eller med posten? Mail: Post:
Konfirmantens interesser : (speler instrument, hobby osb)
Er det spesielle ting vi bør vite om? Noko vi bør ta omsyn til, til dømes matallergi, lærevanskar, osb. Vi vil gjerne tilretteleggje, men då må vi vite om det.
Sett kryss: Eg godkjenner at konfirmantens namn vert offentleggjort i avisa, saman med dei andre konfirmantane før konfirmasjonen.
Ja: Nei:
Eg godkjenner at bilder som blir tatt i løpet av året kan brukast i avisa/ brosjyre/framvisning osb.
Ja: Nei:
Eg vil ta del i konfirmasjonstida. Eg forpliktar meg til å møte opp på arrangementa så sant eg kan. Også vi foreldra støtte opp om opplegget så godt vi kan.
Konfirmantens underskrift
Foreldre/ foresattes underskrift
Påmeldinga kan sendes til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadressar. Du må aktivera javascript for å kunne sjå adressa. eller Herøy kyrkjekontor. 6090 Fosnavåg |
|
| Sist oppdatert ( torsdag 04. juni 2009 ) |
|
| ||||
|
|





