| Konfirmasjonsdagen som tema på foreldremøte. |
|
|
|
| Skrive av Beate Nes | |
| fredag 14. mars 2008 | |
|
Nesten 70 foreldre var samla til møte i kyrkjelydsalen torsdag kvelden. Temaet var konfirmasjonsdagen. Beate Kateket ønska velkomen og fortalte litt om konfirmantanes forventning til dagen.
Her er eit par ”konfirmantbrev”: ”På konfirmasjonsdagen skal det vere fint ver! Folk skal vere i godt humør! Gode kaker. Eg gler meg mest til talane eigentlig.” ”Eg vil at heile familia mi skal vere samla J At alle skal vere blide og greide J Det skal vere ein kjempe kjekk dag, med masse god mat J ”
Den perfekte dagen for meg er å ha familia mi og dei nærmaste vennane mine der og som kan dele dagen med meg.”
”Kjære mor (og far)! La det bli ein god dag! Å mamma: IKKJE STRESS!”
”Konfirmasjonsdagen min! Ej håpe at alle e glade å positive å at ingenting domt sjer! Ej håpe at de e kjempe fint vær! Ej håpe alle e friske å he mulighet til å komme i konfirmasjonen. Ej håpe ej ikkje tryna i kirka. Ej håpe maten e og! Ej håpe på masse penga J”
Kantor Terje var og med på møtet. Han hadde med seg 3 gode songar til festen. Songane han hadde valt ut var: Måne og Sol, La oss vandre i lyset og Fager kveldsol smiler. (tekstane finn du under hovedmenyen på venste side. Under aktivitetar og så under konfirmant)
Midt i rommet sto to fint pynta bord. Det var Hilde og Stine frå Blomster og gaver som hadde laga forslag til bordpynt. Veldig flott å sitte rundt så vakre bord. Beate Kateket hadde også laga eit bord med tips til konfirmasjonsgover. Dei fleste bøkene var lånt frå Vestvang.
Konfirmasjon er fest i kyrkja og fest i Heimen. Jens prest fortalte litt om det som skjer i kyrkja den dagen.
Beate delte litt av sine erfaringar som skilsmisseborn. Ho starta med eit dikt:
Drømmen om den perfekte familie Det finnes ikke noen perfekt familie. Verken den perfekte pappaen eller mammaen eller det perfekte barnet. Jo mer man lærer en familie å kjenne, jo meir ufullkommen kan den virke.
Jeg får slutte å anstrenge meg for å forsøke å bli perfekt og istede akseptere meg selv og min familie som en del av det ufullkomne. Når vi gjør det, så har vi det mye bedre alle sammen, - den ufullkomne pappaen, mammaen og barnet.
Jegg kan ikkje vente meg det perfekte, - men eg kan ta imot det eg får, og gi det eg kan. Kalevi Virtanen
Den viktigaste oppfordringa var: Snakk saman! Det er viktig at dei familiane som er midt i det snakkar saman, og det er viktig at vi tør å vere medmenneske og spørje korleis det går! Ho kom også med nokre tips til festen. Eit av tipsa var; Dropp alle ”regler” som seier at sånn skal det være. Legg til rette for at det skal bli ein god dag for alle. Er det f.eks. vanskelig med den tradisjonelle bordsettinga, lag småbord!
Kvelden vart avslutta rundt alteret med songen Fager kveldsol smiler og fadervår. |
|
| Sist oppdatert ( fredag 14. mars 2008 ) |




