| Konsert Blue Horn Jazz Band, Margrethe Velle Ødegård |
|
|
|
| Skrive av Øystein Nerland | |
| onsdag 09. juni 2010 | |
|
Konsert Herøy Kyrkje Fredag 18.06 kl 20 Blue Horn Jazz band med Margrethe Velle Ødegård
Då nærmar Maritime dager seg, og Herøy Sokneråd meinte det var på sin plass med ein konsert i kyrkja også under arrangementet. Vi hadde aktuelle band utover i fjor, då leverte dei ein glitrande konsert med mykje godt gospelrepertoar. Den som ikkje var der då, har no anledning til å høyre desse eminente musikarane og solisten igjen. Dei skal og spele på laurdagen, då med gratiskonsert på utescena, men med noko kortare og anna repertoar. So kvifor skal du då betale for å høyre dei i kyrkja tenkjer du? Det voner eg du vil. for du vil få ein flottare og lengre konsertopplevelse i kyrkja. I tillegg vil overskuddet av konserten gå til Misjonsprosjektet som Herøy Kyrkje støtter på Madagaskar. Og som ikkje det var nok, so kan du stoppe igjen på kyrkjetorget etter konserten til ein kaffikopp, og kanskje ein prat med nokon du ikkje har treft på lenge.
Vel møtt i Herøy Kyrkje! Øystein Nerland Herøy Sokneråd |




