Du er her:
Konsert i Herøy Kyrkje PDF Skriv_ut E-post
Skrive av Øystein Nerland   
onsdag 14. mars 2007

Ferskt kammerkor til Herøy kyrkje

Av Aleksander Pettersen
, 14.03.07


Det nystarta kammerkoret Ensemble Dalí står snart ovanfor sin fyrste konsert. Dagen etter debutkonserten går turen til Herøy kyrkje.



- Initiativtakar og dirigent Eirik Sørborg har samla songarar frå heile Vestlandet og Trondheim. Den komande konserten er faktisk vår debutkonsert, og vi har ambisjonar om å framføre vokale perler frå fire århundrer på høgt nivå, fortel Tor Øyvind Hummelsund i Ensemble Dalí.

Ensemble Dalí sin fyrste konsert går av stabelen i Ålesund kyrkje laurdag 24. mars. Dagen etter går turen til Herøy kyrkje, med konsert klokka 18.00. På repertoaret står juvelar av kormusikk frå barokken og heilt inn i vårt årtusen.

Ensemble Dalí er prosjektbasert og har mellom sju og åtte samlingar i året med Kristiansund som base. Koret eksisterar for å servere opplevelsar på eit nivå både utøvarane og publikum fortener. Både utøvare så vel som publikum bør ha tilgong til kunstneriske opplevelsar av høg kvalitet uavhengig av bostad, meinar kormedlemmane.

- Vi har lagt alt vi kan til rette for ein sjeldan koropplevelse som lyfter publikum ut av den daglege puls og atmosfære, seier dirigent Eirik Sørborg.

Henta frå Herøynytt

Sist oppdatert ( mandag 16. april 2007 )