| Kveldsmesse |
|
|
|
| Skrive av Jørgen Kopperstad | |
| lørdag 06. februar 2010 | |
|
Kveldsmesse m/gjest i Herøy kyrkje.
Kveldsmesse søndag klokka 19 er Herøy kyrkje sitt nye satsingsområde. Ein gong i månaden byd dei inn til gudsteneste på kveldstid. Innhaldet blir ikkje revolusjonerande nytt, men ein innbeden gjest skal fortelje om sitt forhold til kyrkje og gudstru. Salmesongen får kanskje litt meir plass enn vanleg, og strukturen blir litt ”mjukare” enn i ei vanleg høgmesse. Musikalske gjester blir der også, og kveldsmessa blir avslutta med nattverd.
Fire forholdsvis trufaste kyrkjegjengarar skreiv i haust eit brev til soknerådet. Dei ønskte eit gudstenestetilbod med eit litt anna preg enn høgmessa og på ei anna tid enn søndag føremiddag. Det nyvalde soknerådet var svært positive til forslaget, og nå har Alette Teige, Gunnar Sævik, Andrine Kopperstad, Johan Moltu, Olaus Jon Kopperstad og Ole Arild Bø arbeidd saman med sokneprest og kantor i fleire veker. Dei meiner resultatet skal bli godt!
Tilsette og frivillige i Herøy kyrkje ønskjer alle velkomne til kveldsmesse. Norunn Stendahl Aksnes, Ole Arild Bø, Jens Terje Johnsen og Alette Teige (frå venstre) er i full sving med førebuingane, saman med Terje Tjervåg, Andrine Kopperstad, Johan Moltu og Olaus Jon Kopperstad.
Modellen for kveldsmessa er eit tilsvarande tilbod i Trefoldighetskyrkja i Oslo, som har vist seg å verte svært populært, både for trufaste kyrkjefolk og for dei som elles meir sporadisk er innom kyrkja. Der har både Jonas Gahr Støre og Marit Breivik vore ”samtale-gjester”.
Første kveldsmessa i Herøy kyrkje blir søndag 14. februar. Då er den nye fylkesmannen vår, Lodve Solholm, gjest, og Ulstein Mannskor, som nettopp har jubilert, deltek. Etter kveldsmessa blir det kaffi og enkel servering på kyrkjetorget. |
|
| Sist oppdatert ( lørdag 06. februar 2010 ) |




