Du er her:
Kyrkjedag PDF Skriv_ut E-post
Skrive av Jens Terje Johnsen   
fredag 24. august 2007
utviklingshemma_2007_009a.jpgSJÅ DEI JENTENE!

Jo, det var mykje fint å sjå og høyre i kyrkja sist søndag. Det var mange høgdepunkt!

 

 

 

For mange var vel musikken til Merkesteinane det største, eller kanskje songen ved dei fargerike Afrikanarane?  Eller nattverdskøa som ingen ende ville ta! Himmelen var nær midt i motgang og smerte og brutte håp!

Eg veit ikkje, men kantor Terje sin orgelmarsj til ”Tamburmajor for ein dag”, Merksteinsongar Thor, i full mundur opp midtgangen, og med ein flokk flotte jenter frå Drilltruppen i Bergsøy skulekorps satte stemningen på ein heilt spesiell måte:

 
  • Så mykje glede!
  • Så vakkert!
  • Så ekte!

 

Takk til Vigdis Høydal og jentene hennar! Eg trur nok de hadde ei fin oppleving de og. Men eg trur ikkje de kan fatte kor viktig det var at de var der!
Sist oppdatert ( fredag 24. august 2007 )