Du er her:
Lisa og Sofie Børud konsert i Herøy kyrkje PDF Skriv_ut E-post
Skrive av Beate Nes   
søndag 21. oktober 2007
Det var fullt hus og god stemning under konserten laurdag 20.10.

Det var mange spente born i kyrkja då konserten starta laurdag ettermiddag. Mange av dei som var der kunne alle songane til Lisa frå før fordi dei har fleire av platene ho har gitt ut, nokre hadde og dvd-en som ho har laga. På konserten hadde Lisa med seg mamma og pappa og veslesyster Sofie Børud. Dei song saman heile familien. Lisa har som sagt gitt ut fleire plater, mens Sofie kjem med sin første no.

 

Det var ikkje berre familien Børud som song denne dagen. Barnekora "Lisje- Frik" og "Baluba" frå Frikyrkja, "Sprell levande" frå Frøystad og "Noah" frå Remøy hadde laga eit kjempekor som var med å song på nokre av songane til Lisa.

 

Det var ei kjekk stund i kyrkja for både liten og stor!

..

..

Sist oppdatert ( fredag 02. november 2007 )