Du er her:
Mange planar for fredagstreffet framover PDF Skriv_ut E-post
Skrive av Jørgen Kopperstad   
lørdag 08. mai 2010

Dei komande vekene vil det vere fleire tilbod for ungdom gjennom fredagstreffet. 

 

 Det var under styremøtet i dag, fredag 7. mai at ungdommane i leiinga til fredagstreffet vart einige om fleire ungdomsrelaterte kyrkjelege tilbod dei neste vekene. Målet med dette, er å skape enda meir aktivitet rundt det kristne miljøet. Ved å gjere dette, kan fleire ungdommar lettare tørre å stå fram som kristne. Kven kan vel seia at det e kjedeleg å vera ein kristen?

 

Ein av planane er ungdomsgudsteneste 28. mai. I starten var planen å leggje denne gudstenesta til den kyrkjesalen, men ungdommane kom fram til at det vil verta ei betre stund dersom ein held gudsteneste nede i lokala til fredagstreffet i staden. Ein vil prøve å få musikarar til å spele, fleire andre underhaldningspostar er allereie i boks. Mest sannsynleg vil fredagstreffet opne seinare enn vanleg den 28. mai.

Klokka 22.00 er  det mest sannsynleg opningstid, og gudstenesta vil dermed starte rundt halv elve dersom det vert mogleg. Etter dette vil det vere nattcafé til rundt 01.00 dersom dette let seg gjere.

 

 

 

Ein anna av postane til styret, er eit litt mindre arrangement har fått datoen 4. juni. Då vil Fredagstreffet invitere inn alle 7. Klassingane, slik at dei kan kome å sjå korleis vi har det på fredagstreffet. Då håper vi at flest mogleg vil stikke innom lokalet, slik at vi kan få gi dei eit best mogleg startbilete av ungdomstilbodet. Gratis is vil stå på menyen.

 

Det som kanskje vert den største happeningen, er avslutninga til fredagstreffet. Dette prosjektet ligg heilt i startfasen enda, ingenting er sikkert. Målet er å få til ein overnattingstur anten på Flåvær eller Skorpa med grilling og gitarkos på kvelden. Hadde vi fått tak i ein andaktshaldar og kanskje nokre gjestar frå andre kretsar, vil det bli ein super tur. Hadde vore fint om vaksne kan tenkje seg å stille som "vakter" på dette opphaldet. Det vil verte over ei natt, treng helst mellom 6 og 9 vaksne som kan "følgje litt med". 

 

 

Ingenting av det som var i dette innlegget er sikkert, det vert berre publisert slik at ungdommar og foreldre kan få ei kort oversikt over kva som vil skje framover. Så hald datoane opne, og følg med vidare. 

 

Dersom det skulle vere nokre spørsmål kring denne saka, kan du kontakte Jørgen Koppperstad 

 

Mob: 41083590

 

Mail: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadressar. Du må aktivera javascript for å kunne sjå adressa.