| Maria Steinsvik i Herøy kyrkje. |
|
|
|
| Skrive av Terje Tjervåg | |
| onsdag 11. februar 2009 | |
|
Maria Steinsvik er e
Ho søkte og kom inn på klassisk song ved det Nasjonale musikkakademiet i Sofia i Bulgaria og fekk etter fire års studier ein Bachelor-grad. Opplæringa der var prega av den søreuropeiske songtradisjonen med stor klang og stemmeprakt. Då ho kom heim gjorde hadde ho stor suksess med songen sin, men musikkjobbar har det vorte heller lite av. Ho har berre hatt litt småjobbar innan song medan ho har jobba offshore for å ha noko å leve av. I 2007 kom ho i kontakt med den store norsk-italienske songarinna og pedagogen Elizabeth Norberg-Schulz som har gjeve ho ein god dytt framover. No er Maria klar med eit stort og flott songprogram som ho ynskjer å dele med publikum. Søndag kveld held ho konsert i Herøy kyrkje saman med Terje Tjervåg på piano. Vi får høyre songar av m.a. Grieg, Verdi, Mozart, Brahms og fleire. Songane er både i det vesle formatet og store operaarier. For at Maria skal få nokre kvilepunkt i eit stort og anstrengande program, vil Terje Tjervåg spele nokre stykke på piano. |
|
| Sist oppdatert ( onsdag 11. februar 2009 ) |



i 28 år gamal Herøy-jente som har satsa på songen. Ho starta med song nærmast ved eit tilfelle. 
