| Nyhetsbrev frå Madagaskar |
|
|
|
| Skrive av Bjørn-Edvart Wanvik | |
| fredag 28. november 2008 | |
|
Det er politisk uro her i regionen vår, ein sterk opposisjon mot regjeringa, men paradoksalt nok ser dei ikkje at det er dei sjølve som må lide. Industrien forlet området, og dei som hadde investeringsplanar, finn andre regionar. Dieselaggregata som forsyner byen med straum og vatn, har vore meir av enn på i store delar av byen siste året, o gdet er tydeleg sabotasje. Tankane har fleire gongar vorte fyllte med vatn istadenfor diesel, og motorane skjer seg. Ferskvarene i hyllene i butikkane er bytta ut med hermetikk og tørrvarer, og det er ikkje småpengar som har gått tapt for handelsstanden.
Lukas-evangeliet, "Talily Soa sinorats'i Lioka", på masikoro, er ferdig i bokform, og vi planlegg ei større lansering i området. På den lutherske kyrkja si generalsynode i sept. fekk vi gitt eit eksemplar til landet sin president, Ravalomanana. På bildet her sit han og ein av hans nære medarbeidarar som prøver å lese. På generalsynoda hadde vi laga ein stand der vi hadde eksempel frå alle dei ti språkområda vi jobber med. Mange fekk seg ei aha-oppleving over kor store forskjelane eigentleg er. Fleire sa at hvis der ikkje hadde vore referanser, hadde dei ikkje hatt sjanse til å forstå fleire av desse skriftsteda. Filmen om Jesu liv etter Lukas, rulla over skjermen heile tida, og der var aldri tomt for folk i det hjørnet. Skulesjefen i Morondava vart ståande lenge å sjå og å lytte. Så kom det frå han: "Dette går rett i magen. Det er umuleg å ikkje ta stilling til dette." Og det er vår inderlege bøn, at dei som kjem i kontakt med ordet, enten det noer gjennom filmen, lydbøker eller bokform, ikkje berre kan legge det vekk eller la det passere, men at ordet må gå rett inn og gjere det det kom til jord for: SKAPE LIV OG LIV I OVERFLOD."
Men Mange av desse nasjonale medarbeidarane som er med på å gjere dette mogeleg, opplever tøffe ting i liva sine. Det kostar mykje å vere ein Jesu etterfylgjar for fleire av dei. Her er nokre små glimt ifra tre av dei, og vi ber om at de må hugse spesielt i bøn no framover.
Defizy, ein av bibelomsetjarane for atesaka-folket, ein av representantane frå ein av kongeklanane i Vangaindrano, var ikkje nokon aktiv kristen når han starta mdette arbeidet for to år sidan. Men han har etterkvart teke eit standpunkt, og har eit sterkt vitnemål. Ikkje alle i hans omgongskrets er like glade forat han er med. I løpet av desse to åra, har han mista mor si, far sin, den einaste broren, og no for halvanna veke sidan, dagen etter vi starta siste kurset, kom bodet om at yngste systera var død. "Hadde eg ikkje hatt Jesus no", seier han, "hadde eg vort gal. Eg forstår ikkje kvifor Gud må straffe oss så hardt, men trøysta mi er at der må vere mykje velsignelse i vente for oss. Eg høyrer ikkje på dei som seier at dette er fedrane sin straffedom fordi eg fylgjer Jesus."
Så har vi Remota, ein av dei som er med å klargjere baraomsetjinga til trykkjing. Han har hangla lenge, men ingen har funne kva som feila han. Fredag var det nære på, 41,9 i feber, og blodig diarè og oppkast, men me fikk fatt i doktor i tide og det såg ut til å snu. Men i går kveld vart det verre, han vart innlagt på sjukehus, og mest truleg vert det operasjon på tirsdag. Heilt øydelagt milt, og forstørra lever. Dei skal ta ein del andre prøver i morgon før det vert endeleg avgjort, men eit er sikkert, hadde han vore ute på landet der han kjem ifrå no, hadde han vore ferdig. Han var ein kristen, men presset frå familia vart for stort, så han gjekk tilbake til fedredyrkinga. I går stod han fram og vitna at han er eit levande bevis på at Jesus lever og at Han bokstaveleg har synt sin kjærleik mot han, så no har han teke eit valg: "Aldri meir tilbake, ingen fleire tryllemiddel. Jesis er alt eg treng."
Lambo, ein flott bara, med eit utruleg klarsyn og mange gåver, open og ærleg som få, har enno ikkje klar å ta eit standpunkt. Han ber om forbøn, seier at han ikkje er i tvil om kva som er rett.. Han har to koner, ei av dei er kristen, den andre ikkje. "Eg er så nære, så nære," seier han, men veit ikkje kva eg skal gjere. Den eine kona er ung og mor til borna mine, den andre har halde ut med meg ialle år". I baraland er dette eit stort problem og grunn til at fleire som ynskjer å verte kristne, trekkjer seg tilbake. Fleirkoneri er imot både landet sine lover og kyrkjelova, men noko av det som gir høg status hos baraen.
Og vi to? Vi kjenner godt at vi er verken 20 eller 30 eller 40 lenger, medan arbeidsoppgåvene ikkje akkurat minkar. Utfordringane i eit så materielt fattig land, tek krefter. Det kostar å vere representantar frå eit av verda sine rikaste land. Vi ærkjenner at vi lever av nåde og på nåde kvar dag. Difor er det med stort frimod vi meir enn nokongong før oppmodar til givartjeneste og forbøn. Vi er heilt avhengige av det, og ingenting er med større enn å få vere med å redde liv, både for dette og for det evige. TAKK FORDI DU ER MED.
GUDS VELSIGNELSE frå Johanne og Bjørn.
Last ned original PDF-fil frå Johanne og Bjørn her:
|
|
| Sist oppdatert ( mandag 08. desember 2008 ) |



Midt i det tørre og grå landskapet som skrik etter regnet som skulle
vore for fleire veker sidan, lyser der ein og annan blomst fra bar
kvist, gule, lilla rosa og oransje. Og vi bevarer håpet om at våren
kjem, det er ikkje daudt sjølv om det kan sjå slik ut. Men eg tek meg
sjølv i å speide etter regnskyer kvar dag, ikkje fordi eg lengter etter
regnet, men fordi det ser ut til å verte endå eit vanskeleg år for
bøndene. Dei som satsa på bommullsproduksjon, sit att med heile avlinga
i år.

