Du er her: Forsida
Opningsfest for fredagstreffet PDF Skriv_ut E-post
Skrive av Heroynytt.no / Tone H. Nerland   
tirsdag 13. februar 2007

Tekst: Tone H. Nerland - Foto: Sigbjørn Myren, 13.02.07

 

Etter eit par månader med hektisk oppussing i kyrkjekjellaren var det fredag klart for opningsfest for Fredagstreffet. Det var mange ungdommar som tok turen til kyrkja denne kvelden, og dei fann seg fort til rette i dei nye lokala.

Omlag 60 ungdommar samla seg då Knut Einar Tokheim hadde ei tankevekkande andakt om alt vi får gratis av Gud, og om ikkje anna sit att av andakta, huskar dei i alle fall at Audun Høydal var den som turte å kome fram for å ta imot 100-kronaren, utan å måtte gjere noko for å få den anna enn å ta imot.

Sjølv om Herøy TenSing var litt amputerte denne kvelden song dei kjempebra for ei lydhøyr forsamling. Og Royal Desire sette steminga for resten av kvelden med sjølvlaga musikk. Ellers var det mange som var innom denne kvelden for å kose seg meg gratis kake, kjøpe pizza eller andre ting i kafeen, eller berre slappe av med nye eller gamle venar.



Kilde: Herøynytt
Sist oppdatert ( onsdag 14. mars 2007 )
 
Uteområdet ved Herøy kyrkje
onsdag 16. mai 2012
Dugnad rundt Herøy kyrkje 12. mai var det kalla inn til  rydding og luking i planteområda. ...
1000 TAKK
tirsdag 15. mai 2012
1000 takk J Denne strålande gjengen – og nokre til – var med å gjorde dugnad i og ved kyrkja sist...
Rusfri 16. mai feiring i kyrkja
søndag 13. mai 2012
Rusfri 16. mai feiring i kyrkja Tacofest
Premierte konkurranser
Andak...
KRIK Villmark, Heida
mandag 07. mai 2012
Krik Villmark, Tur til Heida  
Forige tur var vi på Muletua i...