Du er her:
Parkveld i kyrkja 14.februar. PDF Skriv_ut E-post
Skrive av Beate Nes   
fredag 06. februar 2009

 

Laurdag 14.februar kl 20.30 blir det parkveld i Indre Herøy kyrkje for par i Herøy. Vi ynskjer å sette fokus på parforholdet, og dette kan vere ein glimrande anledning til å kome seg ut i lag… I ein travel og hektisk kvardag er det lett å gløyme å sette av tid til kvarandre. Vi set av ein kveld til litt kvalitetstid med kvarandre og sosialt samvær med andre par. Kvelden er for alle par, uavhengig av fartstid og alder.

 

Vi startar med langbord, kveldsmat og sosialt samvær. Etterpå blir det en kort andakt og musikk. Det vil også verte anledning som par å få vere med på vandring i kyrkjerommet. Ei vandring rundt i rommet der ein kan stoppe opp ved ulike stasjonar, med oppgåver som de skal løyse saman. Oppgåver som til dømes ”gje eit komplement til den andre”, ”fortel noko som gjer deg glad” eller berre tenne eit lys i lag for forholdet. Ein uformell vandring med fokus på det å vere to.

Etterpå kan ein gå på måneskinstur i lag. Vi kan ikkje love måneskin, men vi kan heller ikkje utelukke det!

Påmelding til kyrkjekontoret (70080260 eller mail til: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadressar. Du må aktivera javascript for å kunne sjå adressa. ) innan onsdag 11.februar. Kvelden kostar 100,- per par.

Ta med deg din betre halvdel og kom!

Sokneprest Dalsbø og Kateket Nes.