| Seminar om Gudstenesta |
|
|
|
Kva gagn kan det vere i eit seminar om gudstenesta?Jo, det skal eg seie deg, men du vil neppe ane det før du har vore der! Eg har vore der!
Eg har vore på seminar med Ingemar Thorin! Om gudstenesta! Difor veit eg kva det går ut på. Det eg kan seie er at ein får ei anna oppleving av gudstenesta etter å ha vore på seminar! Ein får lyst til å gjera sitt til at kvar gudsteneste kan bli ei oppleving, ein ”happening” på eit vis! Ikkje berre noko vi gjer av plikt. Så kva er det den svenske prosten har å gi? Han har ei eiga evne til å leia oss inn i det gudstenestelege møtet med Herren. Då blir gudstenesta:
· OPPLEVING! · FELLESSKAP! · OASE!
Å gå til kyrkje blir å møte Herren! Og det gjer vi saman – ikkje berre presten og organisten, men VI! Gudstenesta blir ein stad å finne identitet. Og det blir ein stad å hente noko med oss til kvardagen, til livet!
INGEMAR THORIN var mesteparten av livet prest i Kalmar i Sverige. Han er no pensjonist og bur i Oslo, men reiser det meste av året rundt i Den norske kyrkja som inspirator. Det er gudstenesta som ligg han på hjartet. Han har ein veldig tro nettopp på gudstenestelivet! Nær kontakt med teateret har gitt han ny tro på formidlingens kunst og dramaet sin evne til å engasjere mennesket på djupet. Gudstenesta er drama, seier Ingemar Thorin. Det gjelder livet!
PROGRAM
FREDAG 22.2.
LAURDAG 23.2.
SØNDAG 24.2.
Seminaret kostar kr.200 pr person. Møt opp i god tid til samlingane. |
|
| Sist oppdatert ( tirsdag 12. februar 2008 ) |




