Du er her:
Sommerlandet PDF Skriv_ut E-post

sommerlandet_025.jpg

  

Det vart ei vakker og sterk oppleving då Sommerlandet vart framførd i Herøy kyrkje søndag kveld

 

 

 

Eit stort publikum hadde kome for å få oppleve denne vakre og gripande fabelen om vandringa gjennom Den Mørke Dalen fram til Sommarlandet.

 

Eyvind Skeie har skrive både prosatekster og songtekster. Den aserbadjanske komponisten Galib Mamedov har skrive melodiane til songane. Arrangementa for solist, kor og instrumentalgruppe er laga av jazz-pianisten Tord Gustavsen. Eit prosjektkor arbeidde med songane fredag, laurdag og søndag under leiing av Per Oddvar Hildre. Korsongarane hadde tre intense og inspirerande dagar.

 

sommerlandet_022.jpgPå konserten var Torunn Sævik, songsolist og Cecilie Jørstad opplesar. Den verdskjende pianisten Tord Gustavsen hadde fått med seg Mats Eilertsen på kontrabass og Knut Aalefjær på slagverk. Konserten vart ei stor og sterk oppleving både for dei som var med på framføringa og for publikum.

Sist oppdatert ( tirsdag 16. september 2008 )