|
Skrive av Terje Tjervåg
|
|
søndag 03. juni 2007 |
Bergsøy blandakor arrangerte songarstemne i Fosnavåg 2. og 3. juni. I Herøy kyrkje var det stor konsert laurdag ettermiddag, og søndag hadde vi gleda av å ha kor på gudstenesta.
Konserten laurdag ettermiddag samla full kyrkje. Ikkje mindre enn 16 kor var med på konserten, og i tillegg kom det uventa besøk av mannskoret "Herrer". Kora hadde ei stor spennvidde i repertoar og konserten synte klart av vi bur i ein del av landet der korkulturen blir sett høgt. Konserten vart avslutta med at "Å leva, det er å elska" vart sungen som fellesnummer.
På gudstenesta i Herøy kyrkje søndag føremiddag hadde vi gleda av å ha Songlaget Bard frå Barstadvik med oss. Dei gjorde at vi fekk ei rikare gudsteneste, ikkje berre ved dei vakre korsongane dei song, men også ved å gjere salmesongen rikare og fyldigare.
Takk for besøket!
|
|
Sist oppdatert ( mandag 04. juni 2007 )
|