Du er her:
Stemningsfull konsert med Tolvtetten PDF Skriv_ut E-post
Skrive av Jørgen Kopperstad   
søndag 08. november 2009
Søndag kveld stod 22 songarar frå blandakoret "Tolvtetten" klare til å framføre songar frå forskjellige sjangrar. Med Unni Kvamme i spissen imponerte dei publikum med fleirstemde stykker på så vel engelsk som norsk.

Rundt 180 personar var å telje då koret Tolvtetten søndag kveld heldt kyrkjekonsert i Herøykatedralen. Stemningsfull belysning og fantastisk klang gjorde at  publikum kunne forlate kyrkja med ei oppleving meir i dagboka. Norvald Dahl spelte piano til nokre av songane. 

 

"Songar under himmelkvelven" var tittelen på kveldens program. Unni Kvamme kunne fortelje grunnen til dette namnet.

- Fleire av songane i programmet har ei indre betydning for fleire av songarane. Gjennom eit liv får ein gjerne fleire minne knytt til songar og salmar. Når ein då får høyre om desse, tenkjer ein gjerne på tidlegare opplevingar.

Ho seier òg at ho er like stolt som Kjetil Rekdal i kveld. - Songarane er like glade i salmar og viser som jazz og soul, dette gjer at vi kan presentere eit variert program. 

 

 

Mellom nokre av innslaga var nokre av songarane framme og las tekster av m.a. Bjarne Rabben og Gerd  G. Saue. Tekstane batt saman songane slik at det kom fram ein indre moral i programmet.

 

 

Då konserten var over vart koret møtt med ein slik applaus at ektranummer vart nødvendig. Songen som då kom, fekk taket i kyrkja til å heve seg med over 3,6 cm. Eit imponert publikum reiste glade heim denne kalde haustkvelden. 

 

 

 

 

 

Sist oppdatert ( tirsdag 10. november 2009 )