| Storfamiliegudsteneste |
|
|
|
| Skrive av Jørgen Kopperstad | |
| søndag 21. juni 2009 | |
|
Populer storfamiliegudsteneste
Mange nytta høvet til å starte dagen med ei gudsteneste søndag morgon då statskyrkja og frikyrkja saman organiserte storfamiliegudsteneste på allmenningskaia i Fosnavåg. Saman med jentegruppa Seven vart det ei gudsteneste litt utanom det vanlege.
Gjennom gudstenesta var det både allsong og soloinnslag. Litt spesielt vart det når jentegruppa Seven stilte opp. Jentegruppa Seven er eit gospelkor med 7 jenter som er svært kjende over heile Noreg. Dei sang om det å vere lykkeleg, og om Jesus. Svært mange møtte opp og var med i gudstenesta, noko som gleder arrangørane. Når ein veit at folk liker det ein lagar til, kan ein lage det til fleire gongar seier ein representant for frikyrkja. Etter gudstenesta var det servert kyrkjekaffi i festivalteltet. Det vart ei fin stund med mykje prat og god mat. |
|
| Sist oppdatert ( mandag 22. juni 2009 ) |




