Du er her: Forsida
Storslått kveld med fredagstreffet PDF Skriv_ut E-post
Skrive av Jørgen Kopperstad   
lørdag 07. november 2009

Fredag 6.11 var ein super kveld for ungdommane i fredagstreffet. God stemning og besøk frå "Rolig nå" gav kvelden eit "ungdomsleg" preg. 

 No når dagane blir kortare, og temperaturmålaren nærmar seg null, skulle ein tru at folk ville halde seg heime ein fredagskveld. Men i kyrkjekjellaren fredag 6.11 var det heilt tydeleg at litt mørke ikkje stoppar ungdommane i Herøy. Mange var innom dørene og fekk seg ein god prat med venner og kjente. Med pizza og bakgrunnsmusikk fekk gutar og jenter høve til å gløyme skulearbeid og andre plikter for ei stund. 

 

Spesielt kjekt var det då "Rolig nå" med Linda Mari S. Ulvan og Feng Jiao Fu fortalte om deira meiningar når det gjeld alkohol. "Rolig nå" er ein organisasjon som jobber med å utsetje alkoholdebuten for ungdom. Linda Mari og Feng gjorde det heilt klart at ungdomane i organisasjonen ikkje har som mål å gjere ungdommen avholds, men å fortelje jamnaldringar at det ikkje hastar med alkoholen. Etter framføringa deira hadde dei ein konkurranse knytt til stoffet dei hadde snakka om. Premien var dei populære "Rolig nå" t-skjortene. 

 

Heilt til slutt kunne dei som ønskte det bli med ungdomsarbeidar Christian Remøy opp i kyrkjesalen og tenne lys. Der fekk ein høve til å tenkje å be litt for ein som treng det. 

 

Neste fredag vil det og vere ein del som skjer på fredagstreffet. Blant anna har Sebastian Kvalsvik Frøystad lova å halde ein liten konsert på piano. Dei aller fleste av ungdomane i Herøy kjenner Sebastian og veit om talentet hans, så vi gler oss til å høyre han.

 Vel møtt!

Sist oppdatert ( lørdag 07. november 2009 )
 
Uteområdet ved Herøy kyrkje
onsdag 16. mai 2012
Dugnad rundt Herøy kyrkje 12. mai var det kalla inn til  rydding og luking i planteområda. ...
1000 TAKK
tirsdag 15. mai 2012
1000 takk J Denne strålande gjengen – og nokre til – var med å gjorde dugnad i og ved kyrkja sist...
Rusfri 16. mai feiring i kyrkja
søndag 13. mai 2012
Rusfri 16. mai feiring i kyrkja Tacofest
Premierte konkurranser
Andak...
KRIK Villmark, Heida
mandag 07. mai 2012
Krik Villmark, Tur til Heida  
Forige tur var vi på Muletua i...