|
Læring er ein sentral dimensjon ved det å vere kristen – og å vere kyrkje. Trosopplæring er eit av
Den norske kyrkjes hovudsatsingsområder. Det utviklast for tida ei systematisk trosopplæring for alle døypte mellom 0-18 år, som skal legge til rette for at barn og unge skal kunne fasthalde sin dåp og utvikle sitt forhold til trua og den kyrkja dei er ein del av. Herøy har i mange år hatt trusopplæringsarbeid, tenk berre på alt konfirmantarbeidet, gudsteneste med utdeling av bok til 4- åringar, 1. klassingar, 3. klassingar og 5. klassingar, søndagskule og barne og ungdomsarbeid, kor osb. som drives i kommuna vår. Alt dette skal fortsette, men tilboda vil bli fleire og endå betre. Herøy har endå ikkje fått tildelt dei nye trusopplæringsmidlane, men medan ein venter på pengane, vert nokre nye spennande prosjekt prøvd ut.I januar var alle tredjeklassingane i ytre Herøy invitert til tårnagenthelg i Herøy kyrkje, og denne helga vart alle femteklassingane i Indre Herøy og Leikanger invitert til ”Lys vaken” i Leikanger kyrkje.
Tårnagentar - Kyrkjetårn og andre hemmelege stader….
29. og 30. januar var nesten 50 herlige tredjeklassingar samla til tårnagenthelg i Herøy kyrkje!
Dei løyste oppdrag og mysterium og utforske kyrkja, bibelen, tårnet og klokkene, akkurat som borna i tårnagentserien på TV gjorde det i jula. Turen opp i kyrkjetårnet, og ned i kjellaren vil nok stå igjen som spennande opplevingar frå denne helga! Helga vart avslutta med ei tårnagentgudsteneste for heile familien.

”Lys Vaken”
Laurdag ettermiddag den 19. februar kom 24 spente femteklassingar til kyrkja med soveposen under arma og sommarfuglar i magen. Dei skulle få overnatte i kyrkjerommet! Ettermiddagen og kvelden blei fylt av aktivitetar som song og dans, førebuing til gudsteneste og pizza og film. Rundt midnatt fant alle soveposane sine, og det vart nokre timar med søvn før dei søndag morgon sto opp til karnevalgudsteneste saman med alle 1. klassingane i Indre og Leikong
Trusopplæring er spennande, og det er eit fellesprosjekt for borna, foreldra, ansatte i kyrkja, sokneråd og frivillige. Vi trur borna som var med, har fått med seg gode og spennande opplevingar, og kunnskap om Gud. Vi gler oss til nye trusopplæringsprosjekt i åra som kjem!
|