Du er her:
Suverene Sirener PDF Skriv_ut E-post
Skrive av Øystein Nerland   
tirsdag 26. mai 2009

Fantastisk konsert av Siréne

skrive av Jørgen Kopperstad

  

 

Det vart  oppleving av høg klasse søndag kveld då damekoret Sirène presenterte programmet sitt frå Musica Mundi i Venezia.

         Tidlegare i vår, deltok Sirené i ein stor korkonkurranse i Venezia der dei vann si klasse. Dette programmet vart vist fram i Herøy kyrkje søndag kveld. Over 200 tilskoderar vitja konserten, og publikum likte det dei fekk høyre.

         ”Herøy katedralen” er kjend for sin gode akkustikk og sin flotte utsjånad. Dette vart det lagt godt merke til då ”sirenene” song dei ulike arrangementa sine. Det var heile 7 forskjellige stemmer på det meste, noko som er svært krevjande for korsongarar. Men damene viste ingen teikn til usikkerheit då dei stod på scena. Dette er presisjon på høgt nivå!

 

         Dirigent i Sirené, Torgeir Hauge, seier at Herøy kyrkje er nydeleg, og med svært god akkustikk, vert det eit perfekt lydbilete. I tillegg var det eit svært godt publikum som vitja kyrkja søndag, legg han til.

         Gjennom konserten fortalte Hauge mykje om songane og konkurransen i Venzia. Det vart framført alt frå ungarske folketonar til kjende norske songar. Midt i konserten fekk publikum høve til å bli med på ein allsong. Hauge akkompagnerte medan koret song ei andrestemme på ”Mellom bakkar og berg”.

         Representantar frå koret seier at det er Hauge som gjer koret til det det er. Han styrer koret på den måten han vil. Utan Hauge, hadde ikkje koret vore det det er i dag. Han er fantastisk, seier songarane.

        

Koret vil takke Kvalsund gartneri for flotte dekorasjonar i kyrkja.

Sist oppdatert ( tirsdag 26. mai 2009 )