Du er her:
Tårnagenthelg for 3. klassingane i kyrkjelyden PDF Skriv_ut E-post
Skrive av Beate Nes   
torsdag 06. januar 2011

Tårnagenthelg for 3. klassingane i kyrkjelyden

 Laurdag og søndag 29. og 30. januar 2011 inviterer vi alle 3. klassingane i landet  til å vere agentar for å løyse oppdrag og mysterium. Herøy kyrkjelyd inviterer denne helga alle 8-åringane til å vere Tårnagentar i kyrkja. Gjennom helga skal vi løyse oppdrag og mysterium og utforske kyrkja, tårnet og klokkene. Barna bur heime, men vil vere saman laurdag og søndag. Tårnagenthelga blir arrangert i mange kyrkjer i heile landet samstundes, og det kan bli så mange som 10 000 Tårnagentar til saman.

 

 Kyrkjetårn og andre hemmelege stader….Kyrkjetårnet er ein skjult skatt for mange barn. Det har me lyst til å gjere noko med. Der kvar det er  mogeleg, vil barn over heile landet klatre opp i kyrkjetårnet denne helga. Mange vil også granske om det finst andre hemmelege stader i kyrkja, slik som ein kjellar eller eit anna skjult rom. BibelforteljinganeI Bibelen, boka om mysteria, finn agentane både agenttips og forteljingar som hjelper dei med å løyse oppdraga. Kanskje får forteljingane ringverknader for både agentane og for andre...  Ny nettstad for barnSøndagsskulen har utvikla nettstaden www.tarnagentene.no. Her kan barna bli Tårnagentar, dei kan få eit eige agentbevis og løyse endå fleire oppdrag.  Dei som ønskjer det, kan også danne ein eigen Tårnagentklubb som er heilt, heilt hemmeleg…. Tårnagenthelga er utarbeidd av Kyrkjerådet i samarbeid med Søndagsskulen.Les meir på www.sondagsskole.no PåmeldingPåmelding til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadressar. Du må aktivera javascript for å kunne sjå adressa. eller 70080260  Helsing,- fullt hemmeleg frå oss i Herøy kyrkjelyd

Sist oppdatert ( torsdag 06. januar 2011 )