|
Tysdagskveld for unge vaksne i Herøy kyrkje. |
|
|
|
|
Skrive av Beate Nes
|
|
onsdag 03. november 2010 |
|
Tysdag 9 november kl 20.00 er det oppstart av unge vaksne i Herøy kyrkje. Tanken er at det skal være ein plass å roe ned, få litt input og kanskje bli kjent med nokre nye menneske. No som det er blitt mørkt ute, kan det vere kjekt å samlast ein kveld til litt innekos i ei varm kyrkje.
Denne fyrste samlinga inviterer vi til kveldsmat på kyrkjetorget, og til ei enkel kvardagsgudsteneste med Christoffer Remøy Endresen som gjest. Christoffer sykla Norge rundt i sommar, eit prosjekt som for dei fleste av oss verker ganske umogleg. Men Christoffer har bevist at det er mogleg! Vi trur han har noko å lære oss om det å sette seg mål, og gjennomføre dei. Dei fleste av oss skal ikkje sykle Noreg rundt, eller sette i gong like store og utrulege prosjekt, men vi ber vel alle på ein stor eller liten draum, som kan verke litt utruleg.. Kanskje kan Christoffer motivere oss til å starte på vegen mot målet? Christoffer måtte tru at målet han hadde sett seg var mogleg, men han kan også fortelje at trua på Gud var viktig for han på turen, det gler vi oss til å høyre meir om!Kven er så denne samlinga for? Vi har ikkje lyst å sette ei aldersgrense på denne samlinga. Alle som synes dette høyres spennande ut er velkomne!
Helsing unge vaksne komiteen i Herøy kyrkje
|
|
Sist oppdatert ( onsdag 03. november 2010 )
|