Du er her: Forsida arrow Nytt arrow Helgemesse
Helgemesse PDF Skriv_ut E-post
Skrive av Bjørg Kvalsund   
tirsdag 02. november 2010
Helgemesse i Herøy KyrkjeKomande søndag er det Helgemessesøndag og då vil vi gjerne invitere deg til gudsteneste i Herøy Kyrkje. Denne dagen er kanskje prega av sorg og sakn for mange. Å miste nokon av sine er ofte vanskelig og smertefullt,  men då er det også godt å kunne kome til Han som er livet sin Herre – Jesus – for å samle nye krefter. Denne dagen vil vi peike på håpet vi har i Jesus. Slik trur vi at vi kan hente nye krefter til å kome vidare i liva våre, ikkje åleine, men saman med Jesus ,som vann over døden og tok livet tilbake.Velkomen til å vere saman med oss i kyrkja  denne dagen.