Du er her: Forsida arrow Nytt arrow KRIK på tur
KRIK på tur PDF Skriv_ut E-post
Skrive av Øystein Nerland   
onsdag 02. april 2008

KRIK på Teigetua

RIK Herøy

 

Torsdag 27 mars tok vi igjen turen til Teigetuå. Klokka sju var det oppmøte ved porten, vi talte femten i antall. Etter å ha bestege toppen, som ruvar heile 268 moh, kunne kvar og ein få skrive signaturen sin i boka. Medan vi fekk i oss ”KRIK-lunsjen” haldt ein av leiarane ei kort andakt, før vi starta nedfarta. Det skulle vise seg å verte dei mest optimale forhold for kjelketuren ned igjen. Hardpakka snø i vegen og stjerneklart! Nokre tok på hjelm for sikkerheits skyld, medan andre tok sjansen utan. Her var det ”førstemann til mølla” – prinsippet som gjaldt, i alle fall for nokre. Etter kvart som farta auka, og modigheita vaks, skulle det verte vanskelegare å halde svingane. Nokre hamna i det kvite element, men humøret vart ikkje forverra av den grunn. Rett og slett ein Flott tur!!!

Neste utfart vert torsdag 17 april, så ein kan allereie no sette av denne datoen. Kvar turen går då er ikkje heilt bestemt, nærmare info kjem i avisa tysdagen før.

 

Marvin og Øystein

 KRIK