| Juletrehogst |
|
|
|
| Skrive av Øystein Nerland | |
| torsdag 01. desember 2011 | |
|
KRIK Villmark, Juletrehogst
Då nærmar jula seg, vi har snart 3. søndag i advent, og kanskje juletrehogst med kaffikos hadde vore noko? Vi har fått løyve til å hogge i skogen til Magnar Myrene i Myrvåg, felles avreise frå kyrkja søndag 11.12. kl 13.30. Ta med hengar eller takgrind, litt dumt å slepe treet etter bilen! Pris pr tre er kr 200 , ta med kontanter.
Viss De synest det er for tidleg å felle treet, kan De merke det og hogge det nærmare jul. Ta med kaffi, kaker og mandariner, og ver med på ein koseleg førhjulstradisjon. Turen passer for alle aldersgrupper. Du er hjarteleg velkomen! |




