Du er her:
Karnevalgudsteneste! PDF Skriv_ut E-post
Skrive av Beate Nes   
onsdag 08. februar 2012
Karnevalgudsteneste! 

Søndag 12.02 er det karnevalgudsteneste i Leikanger kyrkje. 

Det vert ei gudsteneste med mykje song og glede, men også med fokus ut i verda.
1. klassingane frå Moltu, Stoksund, Møre og Leikong skule skal vere med å gå i prosesjon og synge nokre songar og så skal dei få barnesalmeboka i gåve!.
Med på gudstenesta vert også Barnekoret SALTO som skal synge for oss.

  karneval.jpg
Sidan det er karnevalsgudsteneste er det lov å kle seg ut.

Men tenk på at det ikkje
er alle ting det passar å kle seg ut som i kyrkja..
(også dei vaksne har lov å kle seg ut..!)  Ta med venner og familie, kom til ei fin og annleis gudsteneste.Vi gler oss.PS. Etter gudstenesta vert det kyrkjekaffi. Håpar du har tid til å stoppe igjen litt! Helsing Kateketen Beate Nes og Kantor Ida Teige,
Sist oppdatert ( onsdag 08. februar 2012 )