| Konfirmant 2011-2012? |
|
|
|
| Skrive av Beate Nes | |
| tirsdag 31. mai 2011 | |
|
Tysdag 14. juni inviterer vi til informasjonsmøte for alle ungdom (og foreldra deira) som vurderer konfirmasjon i kyrkja neste år. Det vert eit fellesmøte for Herøy, Indre Herøy og Leikanger i Herøy kyrkje kl. 20.00. På programmet for neste års konfirmantkull står mellom anna: - undervisning i kyrkja etter skulen ca. kvar 3 veke - film - interessegruppe (friluftsliv, forming, mat og prat, osb.), - tre spennande konfirmantlaurdagar. (Programmet er ikkje heilt klart enda, men så langt kan vi nemne, Undervisning og konsert/show med Roadservice, jente og gutteseminar med ungdom og media.) - Gudstenester. (presentasjon, lysmesse, samtalegudsteneste, konfirmasjon og nokre “vanlege gudsteneste”) - Fasteaksjon Vi her i kyrkja håper du vil vere konfirmant hos oss!
Velkomen til informasjonsmøte tysdag 14.06 kl. 20.00
|




