Du er her:
Temakveld i Herøy kyrkje 24. mai PDF Skriv_ut E-post
Skrive av Beate Nes   
torsdag 12. mai 2011
Temakveld i Herøy kyrkje: Mamma og pappa skal flytte frå kvarandre, eg er skilt.

Tysdag 24. mai kl. 20.30 inviterer unge vaksne utvalet i Herøy kyrkje til temakveld med kveldsmat. Temaet er “Mamma og pappa skal flytte frå kvarandre, eg er skilt”

Det er kateket Beate Nes som skal dele tankar og erfaringar rundt temaet born/ungdom og samlivsbrot. For nokre år sidan gjorde Beate ein jobb for IKO der ho jobba med denne tematikken ut frå eigne erfaringar og diverse faglitteratur. Dei siste åra har Beate reist litt rundt i landet og hatt foredrag om dette temaet både for konfirmantforeldre og kyrkjeleg tilsette. No er det tid for at også Herøyfolket får høyre det Beate har å fortelje.

 Dette med samlivsbrot er noko som angår oss alle, enten det er i eigen familie, eller i vennegjeng eller nabolag. Kva gjer samlivsbrotet med borna og ungdomane? Vert dei påverka, eller er det blitt så vanleg at det ikkje lenger er spesielt å vere skilsmisseborn?  Beate vil dele eigne erfaringar og prøve å gje nokre svar ut i frå barnets perspektiv. Kanskje får du og nokre tips til kva du kan gjere i møte med born og ungdom som opplev foreldras samlivsbrot. Vi håpar du tek turen til kyrkje tysdag 24. mai, for fellesskap rundt kveldsmatbordet, og refleksjon rundt eit viktig tema.Helsing unge vaksne komiteen i Herøy kyrkje.
Sist oppdatert ( mandag 23. mai 2011 )